Frederik Christian Lorck (), kjend som Fritz Lorck, var ein handelsmann og stortingsmann frå Trondheim.

Lorck var son til ein handelsmann. Han vart student frå Fredrikshalds skole i 1834 og arbeidde seinare på eit handelskontor i Hamburg. Deretter dreiv han eigen handel i fødebyen.

Lorck var medlem av bystyret i Trondheim i 25 år, ordførar i åtte av dei. Han var medlem av representantskapen i Noregs Bank frå 1854 fram til 1875, då han vart direktør, ein posisjon han hadde i ni år. I 1855 kom han med i ein kongeleg kommisjon vedkomande mellomrikslova.

Lorck møtte på Stortinget fyrste gongen i 1863 frå 26. februar. Han var då 1. varamann for Trondheim og Levanger, møtte i staden for Ove Høegh både då og på omframstortinget i 1864. Fast plass på Stortinget frå 1865 til -69, og på ny frå 1874 til -79. Også perioden 1883-85 var han stortingsmann. Han var medlem av tollkomiteen 1863 og 1865-66, budsjettkomiteen 1865-66, 1868-69 og 1877-79, jarnbanekomiteen 1868-69 og 1883-85, bankkomiteen 1874, næringskomite nr 2 1875-76, røysterettskomiteen 1875-77 og skattekomiteen 1875-79. I sin siste sesjon, 1885, var han permittert frå 15. mai. Han slutta seg til partiet Høgre då det vart danna.

Lorck døydde i Trondheim i 1901.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Trondheim