Flesh and Blood (skriven Flesh + Blood) er det sjuande studioalbumet til Roxy Music, gjeven ut i juni 1980. Albumet nådde toppen av den britiske albumlista ei veke i juni og så igjen i august for tre nye veker. Totalt låg det 60 veker på den britiske albumlista. Det nådde 35. plassen i USA, tiandeplassen i Australia og sjetteplassen i Noreg.
Før albumet kom ut, kom singelen «Over You», som nådde femteplassen i Storbritannia og 80. plassen i USA. To singlar til følgde: «Oh Yeah» (femteplassen i Storbritannia) og «Same Old Scene» (12. plassen i Storbritannia, 35. plassen i Australia). Flesh + Blood inneheldt òg to coverversjonar: The Byrds sin «Eight Miles High» og Wilson Pickett sin «In the Midnight Hour». Sistnemnde vart gjeven ut på singel i enkelte område. «Eight Miles High» nådde 46. plassen på Billboard dance-lista i USA.
Albumet vart laga etter at trommeslagar Paul Thompson gjekk frå bandet, så på denne tida var det berre tre medlemmar att i Roxy Music: Bryan Ferry, Andy Mackay og Phil Manzanera.
Plateomslag Plateomslaget vart laga av Peter Saville og fotografert av Neil Kirk. Det syner tre unge kvinner som held spyd (to er på framsida, den siste på baksida). Saville arbeidde utan input frå Ferry eller resten av bandet, men fortsette tradisjonen frå tidlegare Roxy Music-album med å avbilde kvinner på framsida. Modellane på framsida er Aimee Stephenson (fremst) og Shelley Mann. Modellen på baksida er Roslyn Bolton (med modellnamnet Ashley).
Mottaking Flesh and Blood fekk blanda kritikk då det kom ut. Ken Tucker avskreiv albumet heilt i Rolling Stone: «Flesh + Blood er ei så sjokkerande dårleg Roxy Music-plate at det skapar ein viss fascinasjon. Linja hos det tidlege Roxy (då Eno var medlem) var at bandet utstrålte høgteknologisk dekadanse, og Flesh + Blood har eit band til denne historiske tolkinga ved å stadfeste den dekadente sida. Til dømes, kva kan vere sprøare akkurat no enn eit kunst-rock-disco-album?» David Hepworth skreiv i Smash Hits og sa «Opphavlege fans av bandet kan synast at det har lite karakter og få overraskingar medan dei som elskar den mektige 'Over You' bør like den modne, silkeaktige sjarmen.» Greil Marcus likte albumet: «Denne plata, all grasiøs begjær og trist anger, er rein romantikk. Det er òg den beste sommarmusikken nokon har laga sidan oljesøl byrja å undergrave konseptet ... Flesh + Blood flyt; det driv; det forsvinn; det svevar attende. Det fangar dei endelause, enkle løfta til sumaren, og det fangar sumaren du aldri har komen over; det fungerer som roande, tankelaus bakgrunnsmusikk, og det kan knuse hjartet ditt. Som ein perfekt julidag stiller det ingen krav til ein lyttar, men det kan gje ein lyttar alt.»
New Rolling Stone Record Guide gav albumet tre stjerner og sa «Manifesto og Flesh + Blood, som kom ut etter bandet hadde vore oppløyst mellom 1976 og 1978, var gode kvar for seg, men dei mangla gnisten som gjorde dei tidlegare albuma så store.»Marsh, David. «Roxy Music». The New Rolling Stone Album Guide. October 1983. pg. 437 Stephen Thomas Erlewine skreiv «sjølv i ei handfull unekteleg sterke augneblikk, kan ein ikkje få bort kjensla av at Roxy Music byrja å gå tom for idear.» Pitchfork gav albumet 6.6 (det lågaste av alle Roxy Music-studioalbum) og skreiv «Men det seinare materialet deira er ikkje alltid verdt det . Det er augneblink på særleg Flesh + Blood frå 1980 der bandet bandet slutta å høyrast ut som dei var trøytte og byrja å høyrast ut som dei keia seg, ein fatal skilnad.»
Turné Litt over halvparten av albumet er blitt spelt på konsertane til bandet, hovudsakleg på turneen som følgde albumet, «Roxy Music Flesh + Blood» i 1980-81. Nokre konsertar under turneen måtte avlyast då Ferry fekk ein nyre-infeksjon. Bandet framførte «Jealous Guy» etter at John Lennon vart myrda. Bandet spelte seinare inn denne hylleste og gav han ut på singel.
Innhald
Alle songar skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Roxy Music Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, piano, synthesiser (på spor 4), gitar (på spor 4) og strykarar (på spor 5) Andy Mackay – saksofonar, obo Phil Manzanera – gitar, bass (på spor 6)
Andre medverkande Paul Carrack – strykarar (på spor 2), orgel, piano (på spor 10) Neil Hubbard – gitar (på spor 1, 2, 5 og 7–10) Neil Jason – bass (på spor 2, 7 og 9) Andy Newmark – trommer (på spor 4 og 5) Simon Phillips – perkusjon (på spor 5) Allan Schwartzberg – trommer (på spor 1-3 og 6–10), perkusjon (på spor 4 og 5) Alan Spenner – bass (på spor 3–5, 8 og 10) Gary Tibbs – bass (på spor 1)
Salslister og salstrofé
Album Liste (1980)Plassering Noreg6 UK Albums Chart1 US Billboard Top Pop Albums35
Singlar ÅrSingelListePlassering1980«Over You» UK Singles Chart5 Billboard Hot 10080 «Oh Yeah» UK Singles Chart5«The Same Old Scene» UK Singles Chart12 Australia35
Salstrofé og salstal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Flesh and Blood (Roxy Music album)» frå , den 6. april 2011 og 22. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Roxy Music-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Album produserte av Rhett Davies Kategori:E.G. Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Atco Records-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Virgin Records-album