Let's Stick Together er det tredje studioalbumet til Bryan Ferry som soloartist, og det første han gav ut etter at Roxy Music vart oppløyst tidlegare det året. I motsetnad til dei to tidlegare soloalbuma, var ikkje Let’s Stick Together eit dedikert albumprosjekt, men bestod i staden for av songar tidlegare gjevne ut som singlar, B-sider og ein EP. Tittelsporet vart populært og albumet fekk hovudsakleg positiv kritikk, men nådde berre så vidt Topp 20 i Storbritannia.

Produksjon Fem av songane på albumet var nyinnspelingar av Ferry-songar tidlegare spelte inn av Roxy Music. «Re-Make/Re-Model», «2HB», «Chance Meeting» og «Sea Breezes» var alle frå debutalbumet (1972), medan «Casanova» var henta frå Country Life (1974). I dei fleste tilfelle var nyinnspelingane glattare og meir orienterte mot jazz og R&B enn dei originale Roxy Music-versjonane.

Dei andre seks songane var songar av andre artistar. Den saksofondrivne «Let's Stick Together», var skriven og først spelt inn av Wilbert Harrison, vert rekna som ein av signaturlåtane til Ferry. Han vart remiksa i 1988 for samlinga The Ultimate Collection. Andre livlege songar er The Everly Brothers sin «The Price of Love» og Jimmy Reed sin «Shame, Shame, Shame» (med motvokal av korsongarane som siterer Marvin Gaye sin «Can I Get A Witness»). Dei andre songane, mellom anna The Beatles sin «It's Only Love», vart framført i ein roleg kabaret-stil.

«2HB» (ei hyllest til Humphrey Bogart) vart gjeven ut som B-sida til Ferry-singelen «A Hard Rain's a-Gonna Fall» i september 1973. «Chance Meeting» var B-sida til «The 'In' Crowd» i mai 1974. «You Go to My Head» med «Re-Make/Re-Model» på baksida, vart gjeven ut som singel i juni 1975, og nådde 33. plassen i Storbritannia. «Let’s Stick Together» med B-sida «Sea Breezes» vart gjeven ut i juni 1976 og nådde fjerdeplassen. EPen med «The Price of Love» og «Shame, Shame, Shame» og B-sidene «Heart on My Sleeve» og «It’s Only Love» vart gjeven ut i august 1976, og nådde sjuandeplassen. «Casanova» var den einaste innspelinga som ikkje var gjeven ut før albumet kom ut, men vart spelt inn under innspelinga for Another Time, Another Place. Han kom omsider ut som B-sida til Ferry sin coverversjon av The Velvet Underground-songen «What Goes On» i mai 1978.

Songen «Let's Stick Together» vart gjeven ut på ny i 1988 som «Let's Stick Together '88», og nådde 12. plassen på den britiske singellista då.

Forskjellige Roxy Music-medlemmar var involverte i innspelingane, med Paul Thompson på trommer, Eddie Jobson på fiolin og synthesizer, John Gustafson og John Porter på bass, og Phil Manzanera på gitar.

Mottaking

I ei melding for AllMusic skreiv Ned Raggett om albumet: «Då Roxy gjekk inn i dvale i siste halvdel av 1970-åra, kom Ferry med nok eit fint soloalbum, sjølv om dette er det raraste han gav ut.» I følgje Robert Christgau: «Mange folk er galne etter denne plata, men eg finn delinga av plata framandgjerande.» Han la til: «Sjølv om Ferry beviser at han veit meir om å lage plater (og musikk) enn han kunne tidlegare, med framleis mektige, rare og interessante songar, er det ikkje like overtydande. Legg alt saman og du får to forskjellige partar.»

Innhald

Medverkande Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, munnspel Chris Spedding – gitar Phil Manzanera – gitar på «Re-Make/Re-Model» David O'List – gitar på «Chance Meeting» Neil Hubbard – gitar på «Casanova» John Wetton – bassgitar John Gustafson – bassgitar på «Re-Make/Re-Model» Rick Wills – bassgitar på «Sea Breezes» John Porter – bassgitar på «2HB» Eddie Jobson – fiolin, synthesizer Ann O'Dell – strykararrangement på «Shame, Shame, Shame» Paul Thompson – trommer Morris Pert – perkusjon Chris Mercer – tenorsaksofon Mel Collins – sopransaksofon Martin Drover – trompet Jackie Sullivan, Helen Chappelle, Paddie McHugh, Doreen Chanter, Vicki Brown, Martha Walker – kor Teknisk John Punter, Steve Nye – lydteknikarar Jon Walls, Nigel Walker – assisterande lydteknikarar Richard Wallis – fotografi

Salslister Vekeslister Liste (1976)PlasseringAustralske album (Kent Music Report)1

Årslister Liste (1976) Plassering Australia (Kent Music Report) 9

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Let's Stick Together» frå , den 12. april 2011. oppgav desse kjeldene: David Buckley (2004). The Thrill of It All: The Story of Bryan Ferry and Roxy Music

Bakgrunnsstoff Roxyrama Viva Roxy Music

Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Bryan Ferry-album Kategori:Coveralbum Kategori:Album produserte av Chris Thomas