mini|Påskespel i Garywood Assembly of God, ei kyrkje i Alabama. Påskespel er ei dramatisk framføring knytt til påskesoga. Slike spel kan framførast i eller ved ei kyrkje, utandørs, ved skular og liknande.
Dramatiske framsyningar knytte til påskesoga var gjerne ein del av gudstenestene i påsken frå mellomalderen av. Dei kunne vera korte scenar frå soga framførte under liturgien, men utvikla seg til å bli meir detaljerte, med større persongalleri. Etterkvart blei dei for omfattande til å høva som del av ei gudsteneste, og blei i staden framførte som mysteriespel utanfor kyrkja.
Pasjonsspel er ein type påskespel. Mest kjent er pasjonsspelet i Oberammergau.
Kjelder
Kategori:påske