Oddvar Hansen () var ein norsk fotballspelar og trenar for SK Brann.
Hansen voks opp i Bergen, og tok til å spela for SK Brann i 1940. Han vart verande hjå Brann i heile karrieren sin, og fekk til saman 238 kampar for klubben. I 1948 spelte han sin fyrste landskamp, og han var med på landslaget heilt til 1954. Mellom anna spelte han under Sommar-OL 1952.
Hansen overtok som trenar for Brann i 1955 etter George Ainsley. Han trente laget i tre periodar: 1955-57, 1960-63 og 1965-68. Frå 1960 - 63 leidde han klubben til seriegull både i Hovudserien 1962 samt gull i 1. divisjon herrefotball 1963. I tillegg sat Hansen i fleire periodar i styret til Brann.
Hansen vart også noregsmeister i bordtennis i 1947.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oddvar Hansen» frå , den 18. april 2011.
Bakgrunnsstoff Brann.no, 01.04.11: Oddvar Hansen er gått bort. Bt.no, 01.04.11: Brann-legenden Oddvar Hansen er gått bort.
Kategori:Brann-spelarar Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1952 Kategori:Norske bordtennisspelarar Kategori:Folk frå Bergen