«Miss Sarajevo» er den einaste singelen frå album Original Soundtracks 1 frå 1995 av U2 og Brian Eno, under psevdonymet Passengers. Luciano Pavarotti syng ein operasolo på songen. Songen finst òg på samleplata The Best of 1990-2000 og vart spelt av George Michael på albumet hans Songs from the Last Century. Songen nådde ikkje lista i USA, men 6. plass i Storbritannia og Topp 10 i mange europeiske land, mellom anna Noreg der han nådde 10. plass. Bono har omtalt «Miss Sarajevo» som sin favoritt U2-song.
Historie
Den amerikanske journalisten Bill Carter foreslo for Bono ein ideo om å filme ein dokumentar om motstandsrørsla i Sarajevo. Bono produserte ikkje berre filmen, men finansierte òg prosjektet. Dokumentaren omhandla ein venleikskonkurranse som vart halden i det krigsøydelagde Sarajevo i Bosnia. Vinnaren vart den 17 år gamle Inela Nogić.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Miss Sarajevo» frå , den 25. april 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff U2.com - teksten
Kategori:Antikrigssongar Kategori:Songar frå 1995 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:U2-songar Kategori:George Michael-songar