Music for Civic Recovery Centre er eit ambient installasjonsalbum av den britiske musikaren Brian Eno, som kom ut i 2000.

Musikken frå albumet er henta frå ein installasjon, eit show med musikk og visuell kunst, som fann stad ved Sonic Boom exhibition i Hayward Gallery i London i april-juni 2000. Over 30 andre kunstnarar deltok på hendinga som vart leia av David Toop.

Delar av Eno sin Quiet Club-serie av installasjonar kombinerte 12 lydelement med 10 visuelle lysskulpturar som generative element.

Albumet inneheld berre eitt spor, som er basert på og i røynda ein lang remix av sporet «Ikebukuro» frå The Shutov Assembly frå 1992 og «Kites II» & «Kites III» frå albumet Kite Stories frå 1999.

Innhald «The Quiet Club» - 44:50

Medverkande Musikk: Brian Eno Stemme: Kyoko Inatome

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Music for Civic Recovery Centre» frå , den 25. april 2011.

Kategori:Brian Eno-album Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:album produserte av Brian Eno