June 1, 1974 er eit konsertalbum frå Rainbow Theatre i London på denne datoen. Albumet er offisielt tilskrive Kevin Ayers, John Cale, Brian Eno og Nico, i tillegg til andre velkjende musikarar som Mike Oldfield og Robert Wyatt, som òg spelte på konserten. Det vert òg uoffisielt kalla ACNE-albumet, altså «Ayers, Cale, Nico, Eno». Bilete på omslaget vart teken av Mick Rock. Det forvirra blikket mellom John Cale (til høgre) og Kevin Ayers (til venstre) kom av at Cale hadde oppdaga Ayers til sengs med kona til Cale kvelden før konserten.What's Welsh for Zen by John Cale (Bloomsbury 2003) ISBN 0747546223

Innhald

Medverkande Kevin Ayers – vokal (B1-5), gitar (B1-5), bassgitar (A1-2) Brian Eno – vokal (A1-2), synthesizer (A1-4, B5) John Cale – vokal (A3), piano (A2), bratsj (A1, B5) Nico – vokal (A4), harmonium (A4) Mike Oldfield – sologitar (B4), akustisk gitar (B5) Ollie Halsall – piano (A1), gitar (A2-3, B4), sologitar (B1-3), akustisk gitar (B5) John «Rabbit» Bundrick – orgel(A1-3 & B1-5), orgel, piano, elektrisk piano (B1-3) Robert Wyatt – perkusjon (A1-3 B1-3 + 5) Doreen Chanter – korvokal (A3) Archie Leggatt – bassgitar (A1-3 B1-3 + 5) Eddie Sparrow – trommer (A2&3 B1-3), basstromme (A1), pauke (B5) Liza Strike – korvokal (A3) Irene Chanter – korvokal (A3)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «June 1, 1974» frå , den 26. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Brian Eno-album Kategori:Nico-album Kategori:Kevin Ayers-album Kategori:John Cale-album Kategori:Konsertalbum frå 1974