«Do Anything You Say» er ein song av David Bowie, gjeven ut som singel i 1966.

Sjølv om songen vart spelt inn med backingbandet til Bowie på denne tida, The Buzz, er singelen den første som berre er tilskriven David Bowie. Songen er ein av dei siste soulaktige songane Bowie skreiv på denne tida. Singelen selde dårleg og nådde ikkje salslista.

B-sida til singelen var «Good Morning Girl», ein sprudlande, swing-aktig poplåt der Bowie mellom anna driv med scat-synging. Songen er som ei blanding av ein ung Van Morrison, Georgie Fame og the Dave Clark Five-songen «I Need Love».Good Morning Girl på Pushing Ahead of the Dame av Chris O’Leary

Medverkande Musikarar: David Bowie: vokal, gitar John Hutchinson: gitar Derek Fearnley: bass John Eager: trommer Derek Bayes: orgel ... og ukjende studiomusikarar

Andre utgjevingar Pye gav ut singelen i Storbritannia i september 1972 med «I Dig Everything» som B-side. Dette var eit forsøk på å tene pengar på den nye populariteten Bowie fekk med «Ziggy Stardust». Songen finst òg på samlealbuma Don't Be Fooled by the Name (Japan) The Collection (1985) 1966 (1988) Introspective (1990) Early On (1964-1966) (1991) I Dig Everything EP (1999)

Andre versjonar The Great Imposters - Dollars in Drag: A Tribute To David Bowie

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Do Anything You Say» frå , den 26. april 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Songar produserte av Tony Hatch