Let's Dance er det 15. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 14. april 1983 på EMI America Records. Etter utgjevinga av Scary Monsters (and Super Creeps) (1980) dreiv Bowie ei tid på med ulike musikalske samarbeid og filmjobbar. På denne tida drog han òg frå RCA Records fordi han var misnøgd med selskapet. Etter at han signerte for EMI America seint i 1982, ønskte Bowie å starte med blanke ark og Nile Rodgers frå rock/disco-bandet Chic vart vald ut som medprodusent for det neste albumet.
Albumet vart spelt inn i desember 1982 i Power Station i New York City. Alle musikarane på innspelinga var nye for Bowie, inkludert den då ukjende Texas blues-gitaristen Stevie Ray Vaughan på sologitar. For første gongen på plate, spelte ikkje Bowie nokre instrument på albumet, og berre song. Musikalsk er Let's Dance blitt skildra som eit post-disco-album med element av dance-rock, dance-pop og new wave. Det inneheld tre coversongar: Iggy Pop sin «China Girl», som Bowie og Pop spelte inn i lag for Pop-albumet The Idiot (1977), Metro sin «Criminal World» og ein ny versjon av «Cat People (Putting Out Fire)», opphavleg spelt inn av Bowie og Giorgio Moroder i 1982 for filmen med same namn.
Let's Dance vart ein massiv salssuksess og gjekk til topps i mange land, og gjorde Bowie til ei stor superstjerne. Det er framleis det bestseljande albumet til Bowie. Dei fire singlane frå albumet, inkludert tittelsporet, selde òg alle godt. Men albumet fek middels kritikk frå kritikarane, som hadde ulike meiningar om det kunstnariske innhaldet. Det vart laga musikkvideoar for tittelsporet og «China Girl», som vart mykje spelte på MTV. Albumet vart marknadsført av Serious Moonlight-turneen, der gitaristane Carlos Alomar og Earl Slick kom attende.
Trass i den massive suksessen til albumet, var Let's Dance starten på ein mindre kreativ periode for Bowie. Han følte at han måtte hengi musikken sin til sitt nyerverva publikum, som førte til at oppfølgjarane Tonight (1984) og Never Let Me Down (1987) vart slakta av kritikarane. Han reflekterte sidan dårleg på perioden som byrja med Let's Dance, og kalla det «Phil Collins-åra» hans. Albumet vart ommastra i 2018 og teken med i plateboksen Loving the Alien (1983–1988).
Bakgrunn I 1980 gav Bowie ut det 14. studioalbumet sitt, Scary Monsters (and Super Creeps). Med denne plata oppnådde Bowie det biografen David Buckley kalla «den perfekte balansen» mellom kreativitet og popularitet. Etter innspelinga for Scary Monsters, spelte Bowie hovudrolla som Joseph «John» Merrick i Broadway-skodespelet The Elephant Man mellom juli 1980 og januar 1981. På denne tida filma han òg ei lita rolle i Uli Edel-filmen Christiane F. (1981).
Mordet på John Lennon i desember 1980 råka Bowie hardt og han avlyste ein planlagt turné for Scary Monsters og drog heim til Sveits der han levde tilbaketrekt og fortsette å arbeide. I juli 1981 samarbeidde han med Giorgio Moroder for «Cat People (Putting Out Fire)», tittelsongen for Paul Schrader-filmen Cat People (1982), og på same innspelinga spelte han inn «Under Pressure» med rockebandet Queen. Etter innspelinga byrja han å øve til hovudrolla i BBC-utgåva av Bertolt Brecht-skodespelet Baal, regissert av Alan Clarke. Skodespelet vart spelt inn i august 1981 og sendt i mars 1982. Bowie spelte òg inn ein EP med musikken frå skodespelet, som vart gjeven ut av RCA i februar 1982 i samband med sendinga. I 1982 filma òg Bowie roller i The Hunger og Merry Christmas, Mr. Lawrence, begge i 1983. Under filminga av sistnemnde lytta Bowie mykje til artistar frå 1950- og 1960-åra, som James Brown, Buddy Guy, Elmore James og Albert King. Dei musikalske ideala frå desse artistane kom i stor grad til å påverka det nye albumet.
Scary Monsters var det siste studioalbumet til Bowie for RCA Records, som hadde vore selskapet hans sidan Hunky Dory (1971). Bowie hadde òg blitt stadig meir misnøgd med selskapet, som han følte «mjølka» katalogen hans, i følgje biografen Nicholas Pegg. Bowie var òg klar for å bli kvitt sluttvederlagavtalen hans frå 1975 med den gamle manageren Tony Defries, som kom til å gå ut i september 1982. Sjølv om RCA var villige til å signere ny kontrakt, i lag med Columbia og Geffen Records, valde Bowie å signere ny kontrakt med EMI America Records for ein avtale estimert til kring 17 million amerikanske dollar.
Utvikling mini|upright=0.75|Bowie ønskte ein kommersiell hit og henta inn Nile Rodgers (avbilda i 2018) for å samprodusere albumet. Med eit nytt selskap og ein idé om å skape ein kommersiell stil, ønskte Bowie å byrje med blanke ark og ein ny produsent. Han valde Nile Rodgers frå rockebandet Chic, ei av dei mest kommersielt suksessrike gruppene frå slutten av 1970-åra, med hittar som «Le Freak» (1978) og «Good Times» (1979). Låtskrivinga og produksjonsarbeidet hans på den tida, inkludert Sister Sledge sin «We Are Family» (1979) og Diana Ross sin «Upside Down» (1980), vart rekna som «danseklassikarar» av Pegg. Bowie og Rodgers møtte kvarandre på The Continental i New York City hausten 1982, der dei fann ut at dei hadde liknande inspirasjonskjelder i gammal blues og R&B. Rodgers snakka til Musician i 1983 og sa: «David kunne fått ein kvar produsent - kvit eller svart - om han ønskte. Han kunne gått med Quincy Jones og ein meir sikker sjanse til å få ein hit. Men han ringde meg, og eg kjenner meg æra.»
Tony Visconti, produsenten på dei fire siste studioalbuma til Bowie, var opphavleg sett av til å produsere det nye albumet. Men Bowie valde Rodgers og fortalte det ikkje til Visconti, noko som var overraskande for Visconti, som hadde sett av tid til å gjere jobben. Visconti vart særs såra av dette og sa seinare «eg vart såra fordi eg vart hyra inn for å gjere Let's Dance og han stengde meg ute to veker før... i tre månadar hadde han sagt 'Sett av desember, me skal gå inn og spele inn musikk då'. Nærmare desember ringde Visconti den personlege assistenten til Bowie, Coco, som sa: «Vel, du kan like gjerne få vite det - han har vore i studio dei siste to vekene med nokon andre. Det har fungert særs bra og me treng deg ikkje. Han er veldig lei seg.» Dette øydela forholdet mellom dei to og Visconti arbeidde ikkje med Bowie igjen for nesten 20 år (før Heathen i 2002).
Bowie og Rodgers drog så til Montreux i Sveits for å byrje demoinnspelingar. Bowie sa til Rodgers, «eg vil berre lage ei god plate med groove», noko som overraska Rodgers. Han sa seinare: «Eg venta meg Scary Monsters 2». Rodgers fortalte vidare i Radio 2-dokumentaren Golden Years i 1990-åra: «Då eg kom til Sveits, fortalte han meg at han ville at eg skulle gjere det eg kunne best – 'Nile, eg vil verkeleg at du skal lage hittar.' Og eg vart litt overraska, fordi eg alltid rekna med at David Bowie gjorde kunst først, og om det så kom til å bli ein hit, så fekk det berre bli slik!» Sjølv om han i starten vart skuffa over at han ikkje fekk høve til å bruke plata til å oppnå respekt hos eit kvitt publikum, forstod han at han måtte gjere det han kunne best for å garantere ein hit. I Montreux spelte Bowie han dei nye songane på ein 12-strengs akustisk gitar. Den første songen han spelte for Rodgers var «Let's Dance», i eit roleg vokalarrangement. Rodgers forstod at det ikkje var ein dansesong. Dei to brukte så gamle 50- og 60-talsplater for arrangere sporet til eit ferdig produkt. I løpet av tre dagar laga dei to demoar av dei nye spora, med hjelp frå den tyrkiske multi-instrumentalisten Erdal Kızılçay, som kom til å arbeide mykje med Bowie.
Innspeling
Let's Dance vart spelt inn i Power Station i New York City—der Bowie spelte inn Scary Monsters—i løpet av dei første tre vekene av desember 1982 og vart fullført på 17 dagar. Lydteknikar for innspelinga var Bob Clearmountain. Rodgers meinte at lyden på plata fekk hjelp frå klangen i studioet og sa: «The Power Station er kjend for den flotte trommelyden. Og me hadde veldig gode musikarar òg.» I lag med ein ny produsent vart det henta inn heilt nye musikarar for plata og Bowie sa: «Eg ønskte å ta ein liten pause frå dei eg vanlegvis arbeider med. Eg ønskte å prøve folk eg aldri hadde arbeidd med før, slik at eg ikkje kunne føresjå kva dei kom til å spele.» Pegg skreiv at det var første gongen sidan Space Oddity (1969) at Bowie ikkje beheldt minst ein musikar frå det førre albumet. Den mangeårige samarbeidspartnaren Carlos Alomar, som hadde arbeidd med Bowie sidan midten av 1970-åra og som kom til å arbeide med Bowie inn i midten av 1990-åra, såg fram til å arbeide med Rodgers. Men han hevda at han fekk tilbodet om ei «latterleg låg» betaling for å spele på albumet og avslo. Då han arbeidde på oppfølgjaralbumet til Bowie, Tonight, sa han at han ikkje spelte på Let's Dance fordi Bowie berre gav han melding to veker før og han allereie hadde anna arbeid han var forplikta til. Med Alomar ute, tok Rodgers sjølv over rolla på rytmegitar. Han rekrutterte òg dei fleste nye musikarane, som dei faste Chic-samarbeidspartnarane — klaverspelaren Robert Sabino, perkusjonisten Sammy Figueroa og korvokalistane Frank og George Simms. Dei andre musikarane var mellom andre trommeslagaren Omar Hakim (som Bowie kalla «ein fascinerande trommeslagar med upåklageleg timing»); bassisten Carmine Rojas; trompetisten Mac Gollehon; og saksofonistane Stan Harrison, Robert Aaron og Steve Elson. Mot slutten av innspelinga henta Rodgers inn Chic-trommeslagaren Tony Thompson og bassisten Bernard Edwards for ekstra arbeid. Han var motvillig til å hente dei inn tidlegare fordi dei sleit med dopmisbruk. Då dei kom var bidraga til Thompson og Edwards avgrensa, og dei var berre på høvesvis tre og eitt spor. Edwards spelte inn sin del for «Without You» på 13 minutt, og Rodgers skreiv seinare i memoara sine «eg var aldri meir stolt av han og det skjedde på den siste innspelingsdagen.» For første gongen i karrieren spelte ikkje Bowie nokre instrument sjølv. «Eg spelar ikkje ein jævla ting. Dette var ein songar sitt album», sa han. Bowie spelte inn all vokalen for albumet i løpet av to dagar.
mini|upright=0.75|Bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan (avbilda i 1983) speler sologitar på plata. Under Montreux Jazz Festival i Sveits i 1982 såg Bowie Stevie Ray Vaughan spele gitar. På den tida var Vaughan ein ukjend 28 år gammal bluesgitarist frå Texas. Debutalbumet hans med bandet Double Trouble var enno ikkje komen ut. Etter konserten til Vaughan var Bowie så imponert at han spora han opp fleire månader seinare for å få han til å spele sologitar på albumet. Rodgers var i starten ikkje særskild imponert over valet til Bowie av Vaughan, og syntest at han høyrdest ut som Albert King. Bowie kjende på seg at Vaughan var annleis og sa til han «han har ein heilt annan ting på gang.» Vaughan spelte inn gitaren sin mot slutten av innspelinga. I følgje biografen Paul Trynka brukte Vaughan ein gammal Fender Stratocaster plugga inn i ein gammal Fender-forsterkar, «all tonen kjem frå spelaren». I eit samtidig intervju skildra Vaughan innspelinga for albumet: «Bowie er verkeleg lett å arbeide med. Han veit kva han gjer i studio og han rotar ikkje...Han kom med meininga si om det han likte og det som trengde meir arbeid. Nesten alt vart spelt inn på eitt eller to forsøk. Eg trur det berre var ein sak som trengde tre forsøk.» I følgje biografane til Vaughan, Joe Patoski og Bill Crawford, spelte Vaughan på seks av åtte songar på albumet. I Strange Fascination meinte Buckley at Vaughan var eit «bisarr» val for ein sologitarist, sidan han på den tida var «like langt borte frå Robert Fripp og Adrian Belew som du kunne kome». Uansett hylla både Bowie og Rodgers spelinga til Vaughan på albumet, og Rodgers vart ein av dei næraste venene til Vaughan etter innspelinga var over.