Centre (haitisk Sant ) er eit av ti departement i Haiti. Det ligg sentralt i landet, og grensar til Nord og Nord-Est i nord, Den dominikanske republikken i aust, Ouest i sør og Artibonite i vest. Det er elles det einaste departementet i Haiti utan kystlinje. Hovudstaden er Hinche.

Vasskraftverket Péligre, som produserer mykje av straumen i Haiti, og som er det største av sitt slag i Karibia, ligg i Centre.

Administrativ inndeling Departementet Centre er delt inn i 4 arrondissement og 12 kommunar: Arrondissement de Cerca-la-Source Cerca-la-Source Thomassique Arrondissement de Hinche Hinche Cerca-Cavajal Maïssade Thomonde Arrondissement de Lascahobas Lascahobas Belladère Savanette Arrondissement de Mirebalais Mirebalais Saut-d’Eau Boucan-Carré

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Centre (department)» frå , og «Centre (département d'Haïti)» frå den 12. mai 2011.

«Population totale, population de 18 ans et plus menages et densites estimes en 2009» hjå Institut Haïtien de Statistique et d’Informatique, innhenta 12. mai 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Departement i Haiti