Viktar Ivanavitsj Tsiaresjtsjanka () er ein belarusisk politikar og medleiar i partiet Det belarusiske kristendemokratiet (Bjelaruskaja khrystsijanskaja demakratyja). Han var partilaus kandidat ved presidentvalet i Belarus 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på sjette plass med 1,2 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar.

Tsiaresjtsjanka er utdanna innan økonomi og leiing i Homel i Belarus, i Kiev i Ukraina og i Delaware i USA. Han sat i parlamentet i Belarus frå 1996 til 2000. I 2010 var han leiar for Organisasjonen for små og mellomstore bedrifter. Han er gift og har tre døtrer.

Kjelder

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå russisk wikipedia 18. mai 2011.

kategori:Belarusiske politikarar