Henrik Svendsen () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Stavanger.
Svendsen var son av skreddarmeister Michael Svendsen (1783-1857) og Kirsten Sophie Becker (1798-1868). Han var broren til Christian Becker Svendsen (1832-1902), 16. ordførar i Stavanger. I fødebyen slo han seg opp som kjøpmann. Han var medlem av bystyret i Stavanger frå 1855 til -84.
Svendsen representerte Stavanger og Haugesund på Stortinget 1877-82. I den fyrste valperioden var han medlem av skattekomiteen og tollkomiteen, i den andre av Lagtinget og tollkomiteen. På Stortinget sat han i skattekomiteen og traktatkomiteen.
Han døydde i heimbyen i 1889. Han vart gravlagt på Lagård gravlund i Stavanger.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Stavanger