mini|«Allahu akbar» med arabisk kalligrafi på eit skilt i Jerusalem. Allahu akbar (ar. الله أكبر) er eit arabisk uttrykk som tyder ‘Gud er størst/større’ men blir ofte omsett til ‘Gud er stor’. Frasen blir kalla takbir på arabisk. Han er eit viktig muslimsk uttrykk og symbol som blir brukt i formelle og uformelle situasjonar.

Bruk «Allahu akbar» blir sagt av muslimar før bøner og av muezzinane i bønerop. Det er også ei utsegn som kan brukast i samband det talaren reknar som gode eller dårlege hendingar, til dømes krig, terrorhandlingar, ulukker eller avverging av ulukker, ved opptredenar eller idrettshendingar som fotballkampar. Samstundes vakter strenge muslimar seg for å seia omgrepet ein urein stad, som på do eller ved ei søppelfylling.

Omgrepet blir ofte utført i arabisk kalligrafi og har vore brukt på ei rekkje flagg gjennom tidene. I dag (2011) finst det på det afghanske, det irakiske og det iranske flagget. Under Den iranske revolusjonen i 1979 var «Allahu akbar» eit viktig protestsymbol som blei ropt frå hustaka om kveldane. Det vende tilbake som protestrop i samband med det omstridde presidentvalet i landet i 2009.

Sjå òg

Akbar Allah Dhikr Hallel Halleluja Kabir Koranen Sjahadah

Bakgrunnsstoff

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Takbir» frå , den 23. mai 2011.

Fotnotar «- Allahu akbar!», muslimprosjektet, 30. april 2010

«- Ropte «Allahu akbar!» før han skjøt», nrk.no, 03.03.2011

Laurinda Keys, «Indonesian Pilot Was Confused Before Crash», Seattle Times, September 29, 1997

Daniel Engber, «God Is Still Great!», Slate Magazine, Sept. 12, 2006

Etter eit mislukka forsøk på å bestiga K2 i Pakistan blei ein utsvolta Greg Mortenson helsa av beraren sin med «Allah Akbhar! Blessings to Allah you're alive!», ifølgje

kategori:Arabiske ord og uttrykk kategori:Muslimske ord og uttrykk kategori:Islam kategori:Afghanske nasjonalsymbol kategori:Irakiske nasjonalsymbol kategori:Iranske nasjonalsymbol