Cassard-toktet var ei sjøreise av den franske kapteinen Jacques Cassard i 1712 under den spanske arvefølgjekrigen. Han segla ut frå hamnebyen Toulon med ein flåte på åtte skip, 3 000 sjømenn og 1 200 soldatar, og plyndra og raida Kapp Verde-øyane, dei britiske øyane Montserrat og Antigua i Vestindia, og dei nederlandske koloniutpostane Surinam, Berbice og Essequibo i Sør-Amerika. Han gjekk så vidare og raida nederlandske St. Eustatius, og klarte med noko vanskar å få kontroll over Curaçao, den sterkaste nederlandske busetnaden i Karibia. Mange av stadane han gjekk i land betalte styresmaktene pengar for å unngå plyndring, men dette hjelpte ikkje alltid og Cassard braut stundom vilkåra han hadde gått med på.

Toktet gjorde at Cassard fekk utmerkinga Saint Louis-ordenen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cassard expedition» frå , den 28. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Norman, Charles Boswell. The corsairs of Frankrike. pp. 139-150 Rodway, James. History of British Guiana

Kategori:Karibisk historie Kategori:Konfliktar i 1712 Kategori:Kappverdisk historie Kategori:Antiguansk historie Kategori:Antillansk historie Kategori:Surinamsk historie Kategori:Guyansk historie Kategori:Slag i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Franske slag Kategori:Britiske slag Kategori:Portugisiske slag Kategori:Nederlandske slag Kategori:Kappverdiske krigar Kategori:Guyanske krigar Kategori:Surinamske krigar Kategori:Koloniseringa av Amerika