Barney & Friends er ein amerikansk fjernsynsserie for barn. Hovudpersonane er Barney, ein antropomorf lilla Tyrannosaurus rex, og dinosaurvenene hans. Dei blir òg vitja av menneske, både barn og vaksne kjendisar. Barney blei til som ein serie videoar i 1987, og blei frå 1992 produsert og send av PBS. Barney blei raskt populær, og hadde etter ein sesong rundt 5 millionar sjåarar, nesten like mange som rivalen Sesame Street. Bøker og leiketøy frå serien blei lanserte og gjorde det godt. Serien fekk også kritikk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Barney-nettstad Offisiell nettside frå Hit Entertainment Barney & Friends på PBS Kids (USA) Barney & Friends på PBS Kids Sprout (USA)

Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar Kategori:Barne-TV Kategori:Skipingar i 1992