Steghorn er eit 3 146 meter høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg mellom Engstligenalp og Gemmi-skaret.

Den enklaste oppstiginga går frå Lämmerhütte i kantonen Valais over Steghorngletscher eller over Leiterli, ei rute på berre berggrunn. Ei anna rute går frå Engstligenalp langs fjellryggen mellom Steghorn og Wildstrubel.

Fjelltoppen kan også om vinteren nåast frå dei same to rutene, men begge skiturane er svært utfordrande.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steghorn» frå , den 1. juni 2011.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais Kategori:Fjell i Bern