PulseAudio (tidlegare Polypaudio) er ein audiotenar som kan nyttast både lokalt og over nettverk. PulseAudio er skriven for programvaregrensesnittet POSIX og køyrer på Linux og UNIX-type operativsystem som FreeBSD og Solaris. PulseAudio er òg tilgjengeleg for Windows via programmeringsgrensesnittet Win32.
Bruk PulseAudio automatiserer i stor grad ruting og miksing av audio frå fleire brukarprogram og gjer livet lettare for brukarar som ikkje ynskjer å bruka tid på å konfigurera JACK (dei fleste brukarane). Men PulseAudio gjev ikkje brukarane same moglegheiter for detaljert konfigurering av Linux-audio-infrastrukturen som JACK. PulseAudio og JACK fyller difor ulike behov. PulseAudio høver for ikkje-tekniske brukarar, medan JACK oppfyller krava til profesjonelle brukarar.
Oppbygging 600px|none|Oversyn over arkitekturen til PulseAudio.
Kjelder
Kategori:Lydtenarar Kategori:NetBSD-lydsystem Kategori:OS X-lydsystem Kategori:Unix-lydsystem Kategori:FreeBSD-lydsystem Kategori:Linux-lydsystem Kategori:Windows-lydsystem Kategori:Solaris-lydsystem Kategori:Lydprogrammeringsgrensesnitt