mini|Nye Turtagrø Hotell mini|Turtagrø Sognefjellsvegen Turtagrø, av plantenamnet turt og grøde, er eit hotell i Luster kommune i Vestland, nord for Hurrungane ved fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen), 884 moh. Det er utgangspunkt for fjellturar til Skagastølstindane og nærliggjande toppar, og for turar i Vest-Jotunheimen. Hovudbygningen, med midtparti frå 1888, og personalbustaden brann ned til grunnen i januar 2001.
Hotellet opna ein ny og moderne hovudbygning, teikna av arkitektfirmaet Jarmund/Vigsnæs Arkitekter AS, 1. mai 2002.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Heimesidene til Turtagrø Hotel
Kategori:Samferdsle i Luster Kategori:Byggverk i Luster Kategori:Hotell i Vestland