Knølkval (Megaptera novaeangliae) er ein bardekval i finnkvalfamilien. Han finst i alle verdshava, men er sjeldan i Middelhavet. Bestanden vart sterkt redusert over heile verda av industriell kvalfangst, før arten vart freda i 1966. Bestanden har sidan komme seg raskt i store område, og er no truleg over 60 000 individ på verdsbasis. Han er ikkje lenger rekna som truga. Det vert driven fangst i svært lite omfang frå St. Vincent. Dessutan har Japan starta opp att med forskingsfangst på knølkvalen i Antarktis.The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Bestanden i norske farvatn er anslått til om lag 1200 dyr, og knølkvalen kan av og til dukka opp også inne i Sognefjorden og Oslofjorden.Artsdatabanken.no
Kjelder
The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Artsdatabanken.no
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finnkvalfamilien kategori:pattedyr i Noreg