Hornkonsert nr. 1 i D-dur, K. 412/386b, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i 1791. Verket er i to satsar:
I. Allegro II. Rondo (Allegro) 6/8Jean-Pierre Marty, The Tempo Indications of Mozart. New Haven & London: Yale University Press (1988): 43. "The very absence of sixteenths is also an incentive towards overly fast tempos, and this is why the finales of the Horn Concertos K.386b, 417 and 447 are almost always performed faster than 88/264."
Dette er ein av to hornkonsertar av Mozart som inneheld fagottar (den andre er K. 447). Det er den einaste av hornkonsertane til Mozart som er skriven i D-dur, dei andre er i Ess-dur. Det er òg den einaste som berre har to satsar, medan dei andre har tre satsar, som var vanleg.
Sjølv om han er nummerert først, er dette faktisk den siste av dei fire som vart fullført. Samanlikna med dei tre andre konsertane er han kortare og mykje enklare når det kjem til både rekkevidd og teknikk, kanskje for å hjelpe Leutgeb, hornspelaren og den gode venen til Mozart, som no var vorte gammal og (kanskje) med redusert evner.
Det signerte partituret inneheld ei rar nedskriven skildring ved fleire stader, kanskje retta mot Leutgeb.Maynard Solomon (1995) Mozart: A Life. Harper Collins: 357 Maynard Solomon kalla det «ei prosaskildring av eit farseaktig seksuelt møte».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Horn Concerto No. 1 (Mozart)» frå , den 12. juni 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hornkonsertar av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Musikk i 1791