Wurtzitt er ein naturleg førekommande sinksulfid, ZnS, som er kjent i fleire polytype forma med heksagonal eller trigonal symmetri. Det er mykje sjeldnare enn den kubiske modifikasjonen av ZnS, sfaleritt (sjå polymorfi). Det opptrer ofte samanvoksen med sfaleritt i enkelte sinkførekomstar.
Det vart først skildra i 1861 etter ein førekomst i San José-gruva i Oruro by i Cercado-provinsen i Bolivia og kalla opp etter den franske kjemikaren Charles-Adolphe Wurtz. I Europa har ein funne mineralet i Příbram i Tsjekkia, Hessen i Tyskland og Liskeard i Cornwall i England. I USA er det funnen i Litchfield County i Connecticut; Butte i Silver Bow County i Montana, i Frisco i Beaver County i Utah og Joplin-området i Jasper County i Missouri. Wurtzitt er ikkje påvist frå Noreg.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Wurtzite» frå , den 20. juni 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Sulfidmineral Kategori:Sinkmineral Kategori:Heksagonale mineral
Kjelder
ja:閃亜鉛鉱#ウルツ鉱