Rugder er ei gruppe på sju svært like nolevande artar av vadefuglar i slekta Scolopax. Berre to rugder har vid utbreiing på den nordlege halvkula, dei andre er lokale øyendemiske artar i Søraust-Asia, nord og sør for ekvator. Dei næraste slektningane deira er sniper i slekta Gallinago.Hayman et al. (1986), Thomas et al. (2004)
Rugder har tettvaksne kroppar, kryptiske brun og gråsvart fjørdrakt og lange slanke nebb. Auga deira er plassert på sidene av hovudet, noko som gjev dei synsfelt på 360 °.http://www.britannica.com/EBchecked/topic/647536/woodcock Spesielt for rugder, og i motsetnad til dei fleste andre fuglar, er at spissen på overkjeven av nebbet er bøyeleg.Mousley (1934), Hayman et al. (1986), McKelvie (1993)
Rugder er typiske skogsfuglar. Dei beitar om natta eller om kvelden etter virvellause dyr i mjuk mark med dei lange nebba sine. Denne vanen og den kamuflasjefarga fjørdrakta gjer det vanskeleg å oppdage dei når dei kviler på dagtid. Dei fleste har karakteristiske spelflukt kjent som rugdetrekk, vanlegvis gjeve ved daggry eller i skumringa.Hayman et al. (1986), McKelvie (1993), Kennedy et al. (2001)
Alle rugder er populære jaktfuglar; øyendemiske artar er ofte ganske sjeldne allereie pga. høgt jaktpress. Rugdefjører er mykje verdsette som penselbustar av kunstnarar, som brukar dei til fint måleriarbeid. Det er dekkfjører over hovudhandsvingfjøra på vengen som brukast.
Artslista Rugder i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Rugde, Scolopax rusticola, Eurasian Woodcock, Linné, 1758, (LC) Vid eurasisk utbreiing Amamirugde, Scolopax mira, Amami Woodcock, Hartert, 1916, (VU) Endemisk til øyar i Japan Bukidnonrugde, Scolopax bukidnonensis, Bukidnon Woodcock, Kennedy, Fisher, TH, Harrap, Diesmos & Manamtam, 2001, (LC) Endemisk til øyar i Filippinene Jungelrugde, Scolopax saturata, Javan Woodcock, Horsfield, 1821, (NT) Endemisk til øyar i Indonesia og Papua Ny-Guinea Papuarugde, Scolopax rosenbergii, New Guinea Woodcock, Schlegel, 1871, (LC) Lever i indre område av øya Ny-Guinea, både i Indonesia og i Papua Ny-Guinea i aust Sulawesirugde, Scolopax celebensis, Sulawesi Woodcock, Riley, 1921, (NT) Endemisk til øya Sulawesi i Indonesia Molukkrugde, Scolopax rochussenii, Moluccan Woodcock, Schlegel, 1866, (EN) Endemisk til øyar i Indonesia Amerikarugde, Scolopax minor, American Woodcock, Gmelin, JF, 1789, (LC) Hekkar i Nord-Amerika, overvintrar ved kysten i Mexicogolfen
Kjelder Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Woodcock» frå , den 21. juni 2011', følgjande referansar var gjevne: Hayman, Peter; Marchant, John & Prater, Tony (1986): Shorebirds: an identification guide to the waders of the world. Houghton Mifflin, Boston. ISBN 0-395-60237-8 Kennedy, Robert S.; Fisher, Timothy H.; Harrap, Simon C.B.; Diesmos, Arvin C: & Manamtam, Arturo S. (2001): A new species of woodcock from the Philippines and a re-evaluation of other Asian/Papuasian woodcock. Forktail 17(1): 1-12. PDF fulltext McKelvie, Colin Laurie (1993): Woodcock and Snipe: Conservation and Sport. Swan Hill. Mousley, H. (1934): The earliest (1805) unpublished drawings of the flexibility of the upper mandible of the woodcock's bill. Auk 51(3): 297-301. DjVu fulltext PDF fulltext Thomas, Gavin H.; Wills, Matthew A. & Székely, Tamás (2004): A supertree approach to shorebird phylogeny. BMC Evol. Biol. 4: 28. PDF fulltext Supplementary Material
Bakgrunnsstoff Videoar av snipene hos the Internet Bird Collection
Kategori:Snipefamilien Kategori:Fugleslekter