mini|Glenariff Glens of Antrim (gælisk Gleannta Aontroma), lokalt berre kalla The Glens, er eit område i County Antrim i Nord-Irland. Det består av ni dalar som strekkjer seg ut frå Antrim-platået mot kysten. Dalane har status som area of outstanding natural beauty og er ein stor turistattraksjon i området. Dei største byane i dalane er Ballycastle, Cushendun, Cushendall, Waterfoot og Carnlough.

Dei ni dalane er frå nord til sør Glentaisie, Glenshesk, Glendun, Glencorp, Glenaan, Glenballyeamon, Glenariff, Glencloy og Glenarm.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Glens of Antrim» frå , den 30. juni 2011.

Kategori:Dalar i Nord-Irland Kategori:Verneområde i County Antrim