mini|Mournemuren på Slieve Bearnagh.

Mournemuren er ein steingard som vart bygd kring nedslagsfeltet til eit reservoar i Mourne Mountains i Nord-Irland. Han vart bygd mellom 1904 og 1922 av Belfast Water Commissioners. Målet med muren var å stenge ute kyr og sauer som beita i området. Mange meinte det var eit meiningslaust prosjekt, men det gav mange arbeid på denne tida.

venstre|mini|Nærbilde av muren.

Muren er bygd av naturleg granittsteinar og er i snitt kring 1,5 meter høg og 80-90 cm tjukk med ei lengd på 35 km. Muren passerer over 15 fjell:

mini|Mournemuren på veg til Slieve Donard. mini|venstre|Muren ved Slievenaglogh.

Slievenaglogh (445 m) Slieve Muck (674 m) Carn Mountain (587 m) Slieve Loughshannagh (619 m) Slieve Meelbeg (708 m) Slieve Meelmore (684 m) Slieve Bearnagh (727 m) Slievenaglogh (586 m) Slieve Corragh (691 m) Slieve Commedagh (765 m) Slieve Donard (850 m) Rocky Mountain (525 m) * Slieve Binnian (747 m) Wee Binnian (460 m) Moolieve (332 m)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mourne Wall» frå , den 1. juli 2011.

'The Mountains of Mourne, A Celebration of a Place Apart', David Kirk, 2002, Appletree Press Ltd, Belfast "The Mournes", Ordnance Survey of Nord-Irland, Crown Copyright, Belfast, 2005

Bakgrunnsstoff Bilete, kart og kommentarar om turar rundt muren

Kategori:Fjell og åsar i County Down Kategori:Byggverk i County Down