High Force er ein foss i elva Tees i England. Han ligg nær Middleton-in-Teesdale i Durham. Det er ei utbreidd oppfatning at han med eit fall på tjue meter er den høgaste fossen i England, men dette er ikkje korrekt. Cautley Spout i Cumbria har eit fall på ca 175 meter, medan Hardraw Force i North Yorkshire har eit ubrote fall på tretti meter.

Fossen har to fall. Tidlegare var det vanleg at flaumvatn skapte to separate fossar, men etter at Cow Green-reservoaret vart bygd lenger oppe i dalen er det svært sjeldan at det skjer. Det har òg vorte uvanleg at fossen frys om vinteren.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «High Force» frå , den 7. juli 2011.

Bakgrunnsstoff High Force på nettsida til See Durham

Kategori:Fossar i England Kategori:Geografi i County Durham