Barnsley er ein by i South Yorkshire i England. Han ligg ved elva Dearne omkring 20 kilometer nord for Sheffield, og er administrasjonsby for distriktet Barnsley. Byen ligg mellom kryss 36 og 37 på motorvegen M1.

Namnet Barnsley kjem frå angelsaksisk Beorn's lay, «Beorns rydning». Han er nemnd i Domesday Book (1086), og fekk charter for å halde marknader og ein årleg festival i 1249.

Tidlegare var kolgruvedrift viktigaste næringsvegen, men alle gruver er no stengde. Etter ein periode med høg arbeidsløyse har det vorte etablert ei rekkje nye serviceføretak i byen.

Kultur Fotballklubben Barnsley FC spelar i Football League Championship.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Barnsley» frå , den 12. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i South Yorkshire