Buckingham er ein by i det nordlege Buckinghamshire i England, omkring 16 km frå grensa til Northamptonshire. Byen har kring 15 000 innbyggjarar.
Namnet kjem frå angelsaksisk, og tyder «Buccas heim»; Bucca var ein viktig jordeigar i området. Han vart administrasjonssenter i grevskapet i 888, under Alfred den store. På 1500-talet flytta Henrik VIII administrasjonssentret til Aylesbury, som ligg omtrent midt i grevskapet.
mini|venstre|Det gamle fengselet, no Old Gaol Museum. Byen har vakse opp omkring den gamle marknadsplassen, og har mange bygningar frå 1700-talet. Ein svært sentralt plassert historisk bygning er det gamle fengselet, Old County Gaol, som er innreidd som bymuseum.
To hovudvegar, A421 og A413, går gjennom byen.
Det første og så langt einaste private universitet i Storbritannia, University of Buckingham, ligg her. Dei fleste av studentane er utanlandske.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Buckingham» frå , den 14. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Buckinghamshire Kategori:Busetnader grunnlagde på 600-talet Kategori:Byar ved Great Ouse