Barnstaple er ein by og eit verdsleg sokn i North Devon i Devon i England. Han ligg 109 km sørvest for Bristol, 80 km nord for Plymouth og 55 km nordvest for Exeter. Den gamle skrivemåten Barnstable vert ikkje nytta lenger.
mini|venstre|Butchers Row
Han er det administrative senteret i distriktet og hevdar sjølv å vere det eldste soknet i Storbritannia. Han vart grunnlagd på den nedste vadestaden over elva Taw, om lag 5 km frå munningen hennar i Bristolkanalen. Då Domesday Book vart skriven, hadde Barnstaple sine eigne myntar. Storleiken og rikdommen i mellomalderen var basert på daglegvarer (staple) og han hadde rettar til å selje ull. At dette var viktig er framleis synleg i stadnamnet. Ullhandelen vart støtta av ei god hamn. I 1588 vart det sendt fem skip frå hamna for å delta i kampen mot den spanske armadaen.
Byen har kring 25 000 innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Barnstaple» frå , den 15. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Devon