Bishops Waltham (eller Bishop's Waltham) er ein by i Hampshire i England. Han ligg i distriktet City of Winchester, og har omkring 7 000 innbyggjarar.

mini|venstre|Hovudgata

I 904 vart byen gjeven til biskopen av Winchester, og han fekk dermed namnet sitt («biskopen sitt Waltham»). Ein seinare biskop, Henry du Blois, bygde Bishops Waltham Palace, som no ligg i ruinar. William av Wykeham døydde i byen.

Etter slaget ved Trafalgar vart fleire franske fangar, inkludert admiral Pierre-Charles Villeneuve, innkvartert i byen.

Byen har ein normannisk soknekyrkje, og fleire georgianske bygningar. Like utanfor byen ligg ein vingard.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bishops Waltham» frå , den 17. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Hampshire Kategori:Winchester