Hawes er ein liten marknadsby i Wensleydale i North Yorkshire. Han ligg i nasjonalparken Yorkshire Dales, og er blant anna kjent for Yorkshire Dales Museum og Hawes Creamery som produserer osten Wensleydale.
Blant attraksjonar i området finn ein fossen Hardraw Force og Buttertubs Pass som knyter Wensleydale med Swaledale. Noko lenger ned i dalen ligg Aysgarth-falla. Hawes er ein av dei mest vitja stadane i nasjonalparken. Elva Ure renn gjennom Hawes. Utanfor byen ragar Great Shunner Fell.
Byen høyrer til eit verdsleg sokn som òg inkluderer landsbyen Gayle.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hawes» frå , den 17. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i North Yorkshire Kategori:Yorkshire Dales