Polonium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Po og atomnummer 84. Det er eit halvmetall.

Bruk

Polonium vert mellom anna nytta som nøytronkjelde.

Historie

Polonium vart oppdaga av Marie Curie i 1898 og har fått namn etter heimlandet hennar, Polen.

Førekomst

Polonium vert gjerne funne saman med uran.

Tryggleik

Alle dei 25 kjende isotopane av polonium er radioaktive. Isotopen 210Po er den vanlegaste. Den er ei sterk alfakjelde med halveringstid på vel 138 døgn. Den er mykje giftigare enn blåsyre.

Bakgrunnsstoff

Webelements om polonium

Kategori:Halvmetall Kategori:Uedle metall Kategori:Kalkogen Kategori:Karsinogen i IARC-gruppe 1 Kategori:Grunnstoff