Burton upon Trent er ein by i grevskapet Staffordshire i England. Han har kring 75 000 innbyggjarar og ligg ved elva Trent.

Burton er mest kjend for bryggeriverksemda si, og hadde over eit dusin bryggeri på det meste.Things to do in Burton upon Trent, Staffordshire Han voks opphavleg opp kring Burton Abbey, eit kloster vigd heilage Modwen, og voks til ein travel kjøpstad etter mellomalderen.

Historie Burton Abbey er nemnt i Domesday Book frå 1086, der det blei sagt å kontrollera eigedommar i Appleby Magna i Leicestershireog Mickleover, Winshill, Stapenhill, Coton in the Elms, Ca(u)ldwell og Ticknall i Derbyshire. Klosteret var det viktigaste i Staffordshire. Ein kjenner til fleire kongelege vitjingar til klosteret, mellom anna av Vilhelm erobraren, Henrik II og Edvard I. På 1100- og 1200-talet blei det anlagt gater på vestsida av High Street. den fyrste var New Street, som gjekk frå klosterporten til Ryknild Street si linje. Horninglow Street i nordenden av High Street var del av ein viktig veg mellom aust og vest som nytta brua over elva.

12. april 1200 blei abbeden gjeven eit kongeleg charter av kong John som gav han løyve til å halda ein marknad i Burton kvar torsdag. Dette blei seinare fornya av Henrik III og Edvard IV. Det blei halde fire årlege marknader for handel med hestar, storfe og alingar: på kyndelsmesse, 5. april, skjærtorsdag og 29. oktober (festdagen for heilage Modwen), men som i andre britiske byar har marknadsskikken døydd ut.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Burton upon Trent» frå , den 18. juli 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Staffordshire