Iran, før 1934 kalla Persia og offisielt Den islamske republikken Iran, er eit land i Vest-Asia. Det grensar i nordvest til Armenia, Aserbajdsjan og den aserbajdsjanske eksklaven Nakhitsjevan; i nord til Kaspihavet; i nordaust til Turkmenistan; i aust til Afghanistan og Pakistan; i sør til Persiabukta og Omanbukta; og i vest til Tyrkia og Irak. Med over 80 millionar innbyggjarar er Iran det 18. mest folkerike landet i verda. Landet dekkjer eit areal på 16 481 95 km² og er det nest største landet i Midtausten og det 17. største i verda. Det er det einaste landet som har kystlinje mot både Kaspihavet og Indiahavet. den sentrale plasseringa i Eurasia og Vest-Asia, og nærleiken til Hormuzsundet, gjev det ein viktig strategisk plassering. Teheran er hovudstaden og den største byen i landet, i tillegg til å vere det økonomiske og kulturelle senteret.

Iran er heimstad til ein av dei eldste sivilisasjonane i verda, frå og med dei elamittiske kongedøma på 3000-talet fvt. Det vart først samla av iranske Media på 600-talet fvt., og var på sitt største under Akamenide-dynastiet skipa av Kyros den store på 500-talet fvt. Det strekte seg då frå Aust-Europa til Indusdalen, og vart eit større rike enn noko som hadde eksistert før i verda. Det iranske riket fall til Aleksander den store på 300-talet fvt, men dukka opp att kort tid etter som Partiariket, etterfølgd av Sasanideriket, som vart den leiande verdsmakta dei neste fire hundreåra.

Arabiske muslimar erobra riket på 600-talet evt, og førte til slutt til ei forskuving av dei opphavlege trusretningane parsisme og manikeisme til fordel for islam. Iran gjorde store bidrag til den islamske gullalderen som følgde, og var opphav til mange viktige personar innan kunst og vitskap. Etter to hundreår byrja ein periode med med ymse innfødde, muslimske dynasti, som seinare vart erobra av tyrkarar og mongolar. Framveksten til safavidane på 1400-talet førte til at det vart gjenoppretta ein samla iransk stat og nasjonalidentitet, som følgde etter landet konverterte til sjiaislam, og markerte eit vendepunkt i iransk og muslimsk historie. På 1700-talet hadde Iran ei kort stund det som utan tvil var det mektigaste riket på den tida, under Nader Shah. Krigar på 1800-talet med Det russiske imperiet førte til store tap av landområde. Uro i folket kulminerte i den konstitusjonelle revolusjonen i 1906, som oppretta eit konstitusjonelt monarki og den første grunnlova i landet. Etter eit statskupp sett i verk av Storbritannia og USA i 1953, vart Iran gradvis tettare på linje med Vesten, og vart stadig meir autokratisk. Aukande misnøye mot utanlandsk påverknad og politisk undertrykking førte til den iranske revolusjonen i 1979, som førte til at landet vart ein islamsk republikk, eit politisk system som inneheld element av eit parlamentarisk demokrati kontrollert og overvaka av eit teokrati styrt av ein autokratisk «øvsteleiar». Kritikarar reknar det som eit totalitært diktatur styrt av ein mangeårig diktator (Ali Khamenei) som utferdar ordrar, dekret og retningslinjer om nesten alt. I 1980-åra var landet i krig med Irak, som varte i nesten ni år og førte til store dødstal og økonomiske tap på begge sider.

I følgje internasjonale observatørar er det noverande iranske regimet (leia av Ali Khamenei sidan 1989) undertrykkande og brot på menneskerettane er vanleg. Sidan 2000-åra har det kontroversielle atomprogrammet til Iran ført til uro, og er til dels opphavet til internasjonale sanksjonar mot landet. Atomavtalen med Iran er ein avtale mellom Iran og P5+1 frå 14. juli 2015, med mål om å lette på sanksjonane mot at Iran avgrensa produksjonen av anrika uran.

Iran er opphavleg medlem av Dei sameinte nasjonane, ECO, NAM, OIC og OPEC. Det er ei stor regionalmakt og mellommakt, og dei store reservane med fossilt brensel – som omfattar den største naturgassforsyninga i verda og den fjerde største oljereserven – gjer landet til ein viktig aktør i internasjonal energitryggleik og i verdsøkonomien.

Den rike kulturarva til landet syner seg til dels i dei 21 verdsarvstadane landet har, som er det tredje meste i Asia og det ellevte meste i verda. Iran er eit fleirkulturelt land som består av mange etniske og språklege grupper. Dei største er persarar (61 %), aserbajdsjanarar (16 %), kurdarar (10 %) og lurarar (6 %).

Namn Omgrepet Iran kjem direkte frå det mellompersiske Ērān, først nemnt i ein inskripsjon frå 200-talet på Rustam-relieffet, med ein tilhøyrande partisk inskripsjon som nytta omgrepet Aryān, som ein referanse til iranarar. Dei mellomiranske ērān og aryān er fleirtalsformer av demonyma ēr- (mellompersisk) og ary- (partisk), som begge kjem frå det proto-iranske *arya- (som tyder «ariar», t.d. «av iranarane»), og vert hevda å kome frå proto-indoeuropeiske *ar-yo-, som tyder «dugande montør».Laroche. 1957. På iranske språk er denonymet rekna som ein sjølvidentifikator på oldtidsinskripsjonar og litteraturen til Avesta, og finst òg att i andre iranske, etniske namn som alanar (ossetisk: Ир – Ir) og iron (ossetisk: Ирон – Iron).

Historisk har Iran blitt kalla Persia av Vesten, på grunn av dei mange skriftene til greske historikarar som kalla Iran Persis (gresk Περσίς),Persia, Encyclopædia Britannica, "The term Persia was used for centuries ... [because] use of the name was gradually extended by the ancient greeks and other peoples to apply to the whole Iranian plateau." som tyder «landet til persarane». Fordi dei gamle grekarane hadde meir samband med persarane enn nokre andre utanforståande, vart omgrepet hengande ved, sjølv lenge etter det persiske styret i Hellas. Men Persis (gammalpersisk: Pārśa; moderne persisk: Pārse) refererte opphavleg til ein region busett av persarane på vestbreidda av Urmiasjøen på 800-talet fvt. Busetnaden vart så flytta til sørenden av Zagrosfjella, og vert i dag kalla Fars-provinsen.

I 1935 bad Reza Shah det internasjonale samfunnet om å kalle landet det opphavleg namnet sitt, Iran. Som New York Times forklarte på den tida «Etter forslag frå den persiske legasjonen i Berlin, har regjeringa i Teheran i høve det persiske nyåret nowruz, 21. mars 1935, byta ut Persia med Iran som det offisielle namnet på landet.» Motstand mot namneendringa gjorde at avgjersla vart omgjort, og professor Ehsan Yarshater, redaktør i Encyclopædia Iranica, føreslo å bruke Perisa og Iran om ein annan. I dag vert både Persia og Iran nytta i kulturelle samanhengar, medan Iran vert nytta offisielt i politisk samanheng.

Historisk og kulturell bruk av ordet Iran er ikkje avgrensa til berre den moderne staten. «Stor-Iran» (Irānzamīn eller Irān e Bozorg) syner til område med iransk kultur og språk. I tillegg til det moderne Iran omfattar det delar av Kaukasus, Mesopotamia, Anatolia og Sentral-Asia.Farrokh, Kaveh. Shadows in the Desert: Ancient Persia at War.

Historie

Førhistorie mini|Eit grottemåleri i Doushe-grotta, Lorestan, frå 7000-talet fvt.

Dei tidlegaste arkeologiske funna i Iran, som dei grave ut i Kashafrud og Ganj Par nord i Iran, stadfestar at det har vore menneske i Iran sidan eldre steinalder. Ein har funne lekamar frå neandertalar frå mellomsteinalderen i Zagros-området, på stader som Warwasi og Yafteh. Frå 9000- til 6000-talet fvt. byrja tidlege jordbrukssamfunn å bløme i og kring Zagros-regionen i Vest-Iran, inkludert Chogha Golan,"Emergence of Agriculture in the Foothills of the Zagrosfjella of Iran", by Simone Riehl, Mohsen Zeidi, Nicholas J. Conard – University of Tübingen, publication 10. mai 2013 Chogha Bonut, og Chogha Mish.

Ved hjelp av karbondatering har ein datert grunnlegging av Susa som by attende til 4 395 fvt. Det finst dusinvis av førhistoriske stader på Det iranske platået, som syner at det fanst eldgamle kulturar og bysamfunn på 3000-talet fvt.Iranian.ws, "Archaeologists: Modern civilization began in Iran based on new evidence", 12. august 2007. Henta 1. mars 2021. I bronsealderen var området der dagens Iran ligg heimstad til fleire sivilisasjonar, som Elam, Jiroft og Zayanderud. Elam var den fremste av desse sivilisasjonane og utvikla seg i sørvest ved sidan av dei i Mesopotamia, og eksisterte fram til dei iranske rika oppstod. Skrivekunsten byrja i Elam kring same tid som i Sumer, og elamittisk kileskrift vart utvikla på 2000-talet fvt..

Frå 3300- til 1900-talet fvt. var det nordvestlege Iran ein del av Kura-Araxes-kulturen, som strekte seg inn i naboområda Kaukasus og Anatolia. Sidan tidleg på 1000-talet fvt. slo assyrarar seg ned i delar av Vest-Iran, og innlemma regionen i sine eigne territorium.

Antikken mini|Eit relieff i Persepolis, som syner dei samla medarane og persarane.

På 1000-talet fvt. kom dei gamle iranarane til det som i dag er Iran frå Den eurasiatiske steppa, og rivaliserte med dei opphavlege innbyggjarane i regionen. Etter kvart som iranarane spreidde seg til det større området Stor-Iran og vidare, vart grensene til dagens Iran dominerte av medarar, persarar og partiarar.

Frå seint på 900-talet til seint på 600-talet fvt. fall iranske folk og «før-iranske» kongedøme under styret til Det assyriske riket, som var basert nord i Mesopotamia. Under kong Kyaxares, gjekk medarar og persarar inn i ein allianse med den babylonske herskaren Nabopolassar, i tillegg til andre iranske skytar og kimmeriarar, og i lag gjekk dei til åtak på Assyria. Borgarkrigen herja Det assyriske riket mellom 616 og 605 fvt., og frigjorde dei respektive folkegruppene frå tre hundreår med assyrisk styre. Samlinga av medearstammene under kong Deiokes i 728 fvt. førte til at medarane oppstod, og innan 612 fvt. kontrollerte dei nesten heile dagens Iran og det austlege Anatolia. Dette markerte ò slutten på kongedømet Urartu, som vart erobra og oppløyst.

I 550 fvt. tok Kyros den store, sonen til Mandane og Kambyses I, over medarane og skipa Akamenide-dynastiet ved å samle andre bystatar. Erobringa av Media kom som følgje av det som vart kalla det persiske opprøret. Oppstanden vart i starten utløyst av handlingane til medianske herskaren Astyages, og spreidde seg raskt til andre provinsar, då dei allierte seg med persarane. Seinare erobringar under Kyros og etterfølgjaren hans utvida riket til å omfatte Lydia, Babylon, Egypt, delar av Balkan og Aust-Europa, i tillegg til landområde vest for Indus og Oxus.

539 fvt. var året då persarane slo den babylonske hæren i Opis, og markerte slutten på kring fire hundreår med mesopotamisk styre i regionen gjennom erobringa av Det nybabylonske riket. Kyros gjekk inn i Babylon og presenterte seg sjølv som ein tradisjonell, mesopotamisk monark. Den akamenidiske kunsten og ikonografien som følgde syner påverknaden den nye politiske realiteten hadde i Mesopotamia.

mini|venstre|Akamenide-riket på tida kring Darius I og Xerxes I. På sitt største omfatta Akamenide-riket områda i dagens Iran, Aserbajdsjan (Arran og dei nordlege Atropatene), Armenia, Georgia, Tyrkia (Anatolia), det meste av kystområda kring Svartehavet, det nordaustlege Hellas og sørlege Bulgaria (Thrakia), nordlege Hellas og Republikken Makedonia (Paeonia og Makedonia), Irak, Syria, Libanon, Jordan, Israel og Palestina, alle dei viktige byane i Egypt så langt vest som Libya, Kuwait, nordlege Saudi-Arabia, delar av Dei sameinte arabiske emirata og Oman, Pakistan, Afghanistan, og det meste av Sentral-Asia. Det vart dermed den første verdsregjeringa og det største riket verda hadde sett til då.