Hitchin er ein by i grevskapet Hertfordshire i England. Han har kring 35 000 innbyggjarar. Busetnaden går minst tilbake til 600-talet. Han ligg i elvedalen til elva Hiz, i den nordaustlege enden av Chiltern Hills. Byen ligg nordvest for hovudbyen i fylket, Hertford, og nord for London.

Hitchin voks opp kring ein marknadsplass og soknekyrkja St Mary på vestbreidda av Hiz. I sørenden av byentrumet er Hitchin Priory, eit tidlegare kloster frå 1317, som blei delvis gjenoppbygd til eit stort herskapshus etter oppløysinga av klostera. Det gamle soknet Hitchin dekte eit stort jordbruksområde i tillegg til sjølve byen, inkludert fleire grender som seinare blei eigne sokn, som Langley, Preston, St Ippolyts og Walsworth.

Næringslivet i byen bygde historisk på å tena som marknadsby for landbruksområdet rundt seg, som hovudsakleg var jordbruk med noko sauehald. Lavendel har leng vore ei viktig avling i området, og ein tidleg industri i byen var destillering av lavendel.

Great Northern Railway bygde hovudlinja si frå King's Cross stasjon i London til York gjennom byen; Hitchin jernbanestasjon opna med linja i 1850. Cambridge-linja opna kort tid etter, og skilde seg frå hovudlinja like nord for Hitchin, som derfor blei ein viktig mellomstasjon. Motorvegen A1 går forbi Hitchin eit kort stykke aust. Den historiske karakteren og lette tilgangen til byen har gjort han populær for pendlarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hitchin» frå , den 25. juli 2011 og 9. februar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Hertfordshire