Sowerby Bridge er ein by i den øvre delen av Calderdale i West Yorkshire i England. Han har kring 12 000 innbyggjarar. Sowerby Bridge ligg kring sørvest for Halifax.
mini|venstre|Utsyn mot Sowerby Bridge Town Hall.
Byen oppstod ved ein vadestad over Calder, som då var mykje vidare enn no, der ho rann i lag med Ryburn. Sowerby Bridge har namn etter den historiske brua som går over elva i sentrum av byen, og viser til den eldre busetnaden Sowerby like ved. Etter den industrielle revolusjonen voks det fram tekstil- og ingeniørindustri i området rundt brua. Busetnaden blei eit bydistrikt i West Riding of Yorkshire i 1894. Sowerby Bridge Town Hall, som no er verna, blei opna som samfunnshus og hus for administrasjon i byen i 1857.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sowerby Bridge» frå , den 26. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i West Yorkshire