Katarina «Kati» Witt () er ein av dei mestvinnande kunstløparane i historia til dei olympiske leikane, og er rekna som ein av dei beste kvinnelege individuelle kunstløparane gjennom tidene.

Mellom 1984 og 1988 vann Witt ti gullmedaljar i elleve store internasjonale arrangement, noko som gjorde henne til ein av dei mest suksessrike kunstløparane nokon sinne. Ho er den einaste utover Sonja Henie som har forsvart OL-gullet sitt i kunstløp for kvinner (Kunstløp under Vinter-OL 1984 og Kunstløp under Vinter-OL 1988).

Witt vann den fyrste av dei to olympiske gullmedaljane sine for Aust-Tyskland under OL i Sarajevo i 1984, før ho vann ein andre ved OL i Calgary i 1988. Witt er fire gonger VM-vinnar (1984, 1985, 1987, 1988) og to gonger sølvmedaljevinnar i VM (1982, 1986). Ho vann seks europeiske meisterskap etter kvarandre (1983-1988), ein prestasjon berre Henie kan måla seg med blant kvinnelege kunstløparar.

Witt trakk seg frå kunstløptevlingar etter å ha forsvart den olympiske tittelen i 1988, men dukka opp att ved OL i 1994, der ho representerte eit gjenforeint Tyskland med eit program med Robin Hood-tema. Etter at ho pensjonerte seg som idrettsutøvar har Witt arbeidd i film og TV. I 2010 blei ho oppnemnt som leiar av Münchens marknadsføringskomite for vinter-OL 2018.

Bakgrunn Witt var fødd i Staaken (på den tida eit distrikt i Falkensee) i Aust-Tyskland, like utanfor Vest-Berlin, i dag ein del av Berlin. Mor hennar var fysioterapeut på eit sjukehus, og far hennar var gardbrukar. Ho gjekk på skule i Karl-Marx-Stadt (no Chemnitz). Der gjekk ho på Kinder- und Jugendsportschule, ein skule for born med idrettstalent.

Kunstløpkarriere mini|venstre|portrett|Witt i 1982.

Witt representerte den austtyske klubben SC Karl-Marx-Stadt. Jutta Müller blei trenaren hennar i 1977. Ho deltok i ein stor internasjonal konkurranse for fyrste gong ved EM i 1979, og enda opp på 14. plass. Ved VM i 1981 kom ho på 1. plass i kortprogrammet, 3. i friløpet og 2. i figurar, men vann ikkje medalje grunna låg plassering i figurar.

Ho kom på podiet for fyrste gong i 1982, då ho vann sølv både i EM og VM. Ho hadde ein stor sjanse til å vinna VM i 1982, som ho berre trong å vinna friløpet for å oppnå. Ho fekk rotasjonen feil i tre hopp, inkludert den legendariske trippelflipen, det komplekse elementet ho var den første kvinna å utføra, og ein relativt lett dobbel axel, noko som kosta henne friløpet og gullmedaljen for det heile. Den endelige vinnaren av konkurransen var Elaine Zayak, som klarte seks trippelhopp.

Det neste sesongen vann ho den første EM-tittelen sin, men enda på fjerde plass i VM, fordi ho var nummer 8 i figurane. Hadde ho blitt nummer 1 i friløpet i staden for 2 etter Sumners, vill ho oppnådd sølv framfor både Leistner og Vodorezova. Friløpet hennar omfatta ein trippelflip og fem triple hopp, og var teknisk overlegent det til Sumners. meinte derfor at ho burde tatt den viktige 1. plassen i denne tevlinga.

I 1984 blei Witt utropt til årets kvinnelege idrettsutøvar i DDR av lesarane av den austtyske avisa Junge Welt. Ho vann OL-tevlinga i Sarajevo i 1984, med verdsmeistaren Rosalynn Sumners frå USA på andre plass. Witt og Sumners var på dei to fyrste plassane då dei gjekk inn i frisløpet, som var verdt femti prosent av det totale resultatet. Witt hadde tre trippelhopp i sitt friløpprogram, og dommarane let att ei opning for Sumners til å vinna. Sumners forenkla to av hoppa sine, og Witt vann friløpet med ein tidel av eit poeng frå ein av dommarane. Witt var 18 år og 77 dagar gammal då ho vann gullmedaljen, og blei dermed ein av dei yngste OL-vinnarane i kunstløp. Witt vann vann seinare sin fyrste VM-tittel i ei tevling ho dominerte (utan Sumners), og vann alle tre delane av konkurransen. Ho sa då at ho planla å halda fram ei stund til, men rekna det ikkje som sannsynleg at ho ville koma til OL i Calgary i 1988.

venstre|mini|Witt ved VM i 1986.

Witt forsvarte VM-tittelen sin i 1985. Her var ho solid og klar i alle tre deltevlingane. Ho kom på tredje plass etter dei to hovudrivalane sine, Kira Ivanova og Tiffany Chin, i figurane, men vann overveldande kortprogrammet sjølv etter dei reine løpa til Ivanova og Chin. I friløpet blei ho pressa av Ivanova, som leverte eit sterkt forsøk på gull med eit reint tre-trippel-program som inkluderte ein vanskeleg trippel-loop, men Witt overgjekk henne med eit fire-trippel-program og understreka den kunstnariske overlegenheita si med seks dommarar mot tre som gav henne høgare skår i friløpet og i det heile. Domarane gav Chin rom til å vinna friløpet og heile tevlinga, men etter at ho fall på ein dobbel axel og ikkje fullførte ein trippel salchow i løpet sitt, enda ho med bronsemedalje.

Den langvarige dominansen til Witt blei til slutt avbroten då ho i kom på andre plass etter den amerikanske meisteren Debi Thomas i VM året etter. Ved dette verdsmeisterskapet vann ho friløpet sitt over Thomas sitt reine løp med identisk innhald, og skåra to 6.0 for kunstnarisk inntrykk, men ein kombinasjonsfeil som plasserte henne på fjerdeplassen i kortprogrammet og kosta henne gullmedaljen. Dette var òg fyrste gong sidan 1980 at ho tapte kortprogrammet i eit VM. For at Witt skulle vinna måtte den siste skøyteløparen, Chin, ha fått plassering mellom henne og Thomas i friløpet, men dette skjedde ikkje. Witt hadde tenkt på å gjera VM i 1986 til den siste tevlinga si, men etter tapet svor Witt ho skulle å vinna tittelen tilbake og skøyta til Calgary.

venstre|mini|portrett|Witt i januar 1988.

I 1987 vann Witt den tredje VM-tittelen sin. Sjølv om Witt enda på femteplassen i dei obligatoriske figurane, noko som tydde at Thomas kunne enda på andreplass i både kortprogrammet og friløpet og likevel halda på VM-tittelen, sette Thomas sin 7. plass i kortprogrammet (på grunn av ei lita hand ned på dobbel-axelen hennar) dei to skøyteløparane på likt grunnlag før friløpet. Heile fem skøyteløparar gjekk inn i friløpet med sterke moglegheit for å ta gull: Kira Ivanova, Witt, Thomas, Elizabeth Manley og Caryn Kadavy. Alle trong berre å vinna dette løpet (eller vinna friløpet og slå Ivanova med to plassar i tilfellet til Manley og Kadavy) for å vinna. Witt gjekk sist, under stort press etter at både Kadavy og Thomas hadde gjort briljante løp. Witt landa fem trippelhopp, inkludert ein rein trippel-loop som var det mest avgjerande hoppet for at ho skulle vinna. Sjølv i ei tevling med glimrande skøyteløp av ei rekkje dyktige konkurrentar, vann Witt overtydde både på dei tekniske og kunstnariske karakterane. Ho blei rangert fyrst av sju av ni domarane, og tok tilbake VM-tittelen framfor eit entusiastisk publikum.

I 1988 vann Witt sitt sjette EM på rad, og nådde då prestasjonen til Sonja Henie som den mest suksessfulle skøyteløparen i kvinneleg single ved EM. Både Witt og Henie er sidan blitt overgått av Irina Slutskaja i talet på EM-titlar, men Witt har framleis rekorden for flest EM-titlar på rad. mini|Witt ved OL i Calgary i 1988, der ho forsvarte OL-tittelen sin. høgre|mini|Witt med trenaren Jutta Müller på SC Karl-Marx-Stadt i Karl-MarX-i Stadt 1984. mini|portrett|Witt dansar til «Bad» i 1988.

Både Witt og Thomas var favorittkandidatane ved vinter-OL i Calgary i Canada i 1988. Rivaliseringa deira blei kjend som «Battle of the Carmens», ettersom begge hadde valt å halda friløpet sitt til musikk frå operaen Carmen. Dei var på dei to fyrste plassane etter dei obligatoriske figurane og kortprogrammet. Witt kom på tredjeplass i figurane, etter Ivanova og Thomas, før ho vann kortprogrammet med Thomas på andreplass. I friløpet sitt landa Witt fire trippelhopp og nedgraderte det planlagde trippelhoppet sitt til ein dobbelloop. Dette sette Thomas i ei stilling til å vinna friløpet, men Thomas mislukkast på tre av dei fem planlagte trippelhoppa sine. Den kanadiske skøyteløparen Elizabeth Manley vann friløpet framfor Witt (sju dommarar mot to), men Witt heldt på OL-tittelen sin basert på det totale resultat (ho hadde fullført framfor Manley både i dei obligatoriske figurane og i kortprogrammet).

Witt blei berre den andre kvinna i skøyteløphistoria (etter Sonja Henie) som forsvarte OL-tittelen med suksess. Hadde Manley ikkje tapt andreplassen til Thomas i kortprogrammet (av ein dommar), eller hadde Witt ikkje halde på andreplassen over Ito i friløpet (med 6-3 blant dommarane), villa Manley ha slått Witt og tatt gullmedaljen. For å heidra Witt og sigeren hennar i Calgary, gav Nord-Korea ut frimerkeblokker med tre store bilde av Witt på isen den 1. november 1988. — photo of this postage block Bladet Time kalla henne «det vakraste andletet til sosialismen.»

Witt vann sin fjerde og siste VM-tittel, og avslutta amatørkarrieren sin ved VM i Budapest i Ungarn i 1988. Ho hadde eit relativt tamt friløp, utan ein planlagd trippel-loop og trippel salchow, og låg godt under kvaliteten på den olympiske framføringa si. SIdan andre toppkandidater òg var i dårlegare form og utslitne etter høgdene i Calgary, vann ho gull med ein siger i obligatoriske figurar etter å ha kome på 2. plass etter Debi Thomas i kortprogrammet, og sigra i friløp. Ein av rivalane hennar, sølvmedaljevinnaren Elizabeth Manley, klaga seinare over noko av det ho oppfatte som tvilsamt i arrangementet, inkludert Witt sin siger i figurane der ho gjekk forbi Manley si leiing i dei to fyrste figurane i den siste loppfiguren, som Manley meinte var hennes beste, og Manley sin musikk, som ikkje blei spelt av rett i starten av friløpet hennar.

I 1988 byrja Witt ein profesjonell karriere, noko som var uvanleg for aust-tysk idrettsutøvarar. Ho turnerte i USA i tre år med Brian Boitano, som òg var olympisk meister. Showet deira, Witt and Boitano Skating, var så vellykka at Madison Square Garden i New York for fyrste gong på ti år blei seld ut for ein isshow. Seinare heldt ho fram med Holiday on Ice i USA og i Vest-Europa. Ho var òg skodespelar i filmen Carmen on Ice (1989), som utvida det gullmedaljevinnande friløpet hennar frå Calgary. I 1990 vann ho ein emmypris for rolla si i denne filmen. Som profesjonell var ho aldri så vellykka i konkurransar som ein amatør, og blei ofte sist blant fire eller fem kvinner i dei to største profesjonelle meisterskapa (Challenge of Champions og World Professional Championships i Landover), men ho heldt fram med å få stor anerkjenning som underhaldar og show-kunstløpar.

I 1994 vende Witt tilbake til kunstløptevling med Jutta Müller som trenar. Ho blei forventa å vera i hard kamp med tre personar for berre to plassar på det tyske OL-laget med både den unge stjerna Tanja Szewczenko og veteranen Marina Kielmann, som var nesten jamgammal med Witt. Ho enda på andreplass på det tyske meisterskapet bak Szewczenko, men framfor Kielmann.

mini|portrett|Witt i knebukser til Mozart-friløpet sitt i 1983.