Engelberg er ein kommune i kantonen Obwalden i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 1015 meter over havet. 21% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Engelberg ligg i Uri-Alpane og den viktigaste feriestaden i dette området. av det sentrale Sveits. I mellomalderen var Engelberg kjend for utdanningshøva ved Engelberg kloster. Frå 1800-talet av vart Engelberg meir kjend som ferie- og kurstad, og er i dag ein magnet for både sommar- og vinterturisme. Dei næraste større byane er Luzern og Zürich., og er ein kjend vintersportstad.

Geografi Engelberg ligg 25 km sør for Vierwaldstättersjøen, i ein flat, brei dal. Kommunesenteret ligg 1 015 moh. Dalen er omkransa av høge fjell, med det 3 238 m høge fjellmassivet Titlis i sør som det høgste. I nord reiser seg ei fjellkjede med fleire opptil 2 800 m høge fjelltoppar. Rett i aust stig fjelltoppen Hahnen bratt mot himmelsjå.

Han er ein eksklave omgjeven av kantonane Bern, Nidwalden og Uri.

Språk Morsmålet til størstedelen av innbyggarane er tysk.

Idrett Hoppbakken Gross-Titlis ligg i Engelberg. I 1984 vart det halde verdsmeisterskap i skihopping for lag i bakken. Sidan 1980 har det så godt som årleg vore avvikla renn i verdscupen i skihopping. Norske sigrar har kome ved Per Bergerud i 1981 og 1983, Roar Ljøkelsøy i 2003/04-sesongen, Anders Jacobsen i 2006/07-sesongen og Anders Bardal i 2011/12-sesongen. Engelberg var arena for VM i alpint 1938, og har også vore arena for verdscuprenn i langrenn.

Skirennarane Annemarie Waser og Erika Hess er begge fødde i Engelberg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Engelberg» frå , den 29. juli 2011 og «Engelberg» frå , den 31. mars 2012.

Bakgrunnsstoff Turisme Titlisbreen Brunni-området

Kategori:Kommunar i Obwalden Kategori:Vintersportstader i Sveits