Tons of Sobs er debutalbumet til det britiske bandet Free. Det vart innspelt i slutten av 1968 i Morgan Studios i London. Albumet kom aldri på nokon britiske toppliste og vart korkje særleg populært i USA eller Europa, men det (og bandet) vert likevel rekna som eit av dei viktigaste i britisk blues.V. Bogdanov, C. Woodstra, S. T. Erlewine, eds, All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues (Backbeat, 3. utg., 2003), pp. 700–2.

Innspeling Free var eit nytt band då dei spelte inn Tons of Sobs, og dei var svært unge. Andy Fraser, bassisten, var berre seksten år, medan Paul Rodgers, vokalisten, var 19 år gamal. På den fylgjande turneen var konsertane for det meste sett saman av songane på Tons of Sobs. Åtte av dei ti opphavlege spora på albumet er originale, noko som er mange i forhold til The Rolling Stones og The Beatles sine debutalbum.

Guy Stevens vart produsenten for albumet under Island Records, som valde ei minimalistisk haldning til produksjon: eit ekstremt lågt budsjett på 800 pund (7100 kr.). Albumet fekk då ein upolert og rå ljod - sjølv om uerfarenheita til bandet òg medverkar til dette.

Innhald

På nyare utgåver er spor 1-5 og spor 6-10 berre spor 1-10.

Medverkande

Free Paul Rodgers – vokal, piano Simon Kirke – perkusjon Andy Fraser – bassgitar Paul Kossoff – gitar

Andre medverkande Guy Stevens – produsent Andy Johns – teknikar Steve Miller – piano, hamrande piano Mike Sida – plateomslagsfotograf Richard Bennett Zeff – bandfotograf

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Tons of Sobs» frå , den 03. og 04. august 2011. oppgav desse kjeldene: Strong, Martin (1994, 2002):The Great Rock Discography, 6. utgåve. Edingburgh: Canongate Books (side 392 og 393) Sutcliffe, Phil (1968, 2001):Notes to "Tons of Sobs" by Free. Universal Island Records Ltd

Plateomslag på Tons of Sobs

Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Free-album Kategori:Bluesalbum Kategori:Bluesrockalbum