Naima Wifstrand () var ein svensk skodespelar. Som leiande operettestjerne gjesta ho kring 1920 stadig på Centralteatret i Oslo, mellom anna som Czardasfyrstinnen og Den glade enke. Seinare utvikla ho seg til ein dyktig karakterskodespelar, mellom anna som Mor Aase i Peer Gynt. Ho filmdebuterte i den norske Madame besøker Oslo (1927), men vert best hugsa for dei kraftfulle rollene sine for Ingmar Bergman, mellom anna i Sommarnattens leende (1955), Smultronstället (1957) og Vargtimmen (1968).
Kjelder
Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Svenske skodespelarar Kategori:Svenske songarar Kategori:Svenske komponistar