Morris L. West eller Morris Langlo West () var ein australsk forfattar.

Han tenestegjorde i hæren under Stillehavskrigen, og var 1945–1954 leiar for eit av dei største radioreklamebyråa i Australia. Han lagde radio- og fjernsynsprogram, reportasjar og høyrespel.

I romanane handsama West alvorlege, ofte religiøse tema og politiske hendingar av global tyding. Fleire av bøkene er blitt filmatiserte, og nokre omarbeidde han sjølv til skodespel.

Bibliografi West skreiv fleire populære romanar, mellom andre: The Devil's Advocate (1959; norsk omsetjing Djevelens advokat, 1961) The Shoes of the Fisherman (1963; norsk omsetjing Fiskerens sko, same år) The Salamander (1973; norsk omsetjing Salamanderen, 1974) Proteus (1979; norsk omsetjing same år) The Clowns of God (1981; norsk omsetjing Guds klovner, same året) Cassidy (1986; norsk omsetjing 1987) Masterclass (1988; norsk omsetjing Mesterstykket, 1993) Lazarus (1990; norsk omsetjing 1991) The Ringmaster (1991) The Lovers (1993; norsk omsetjing Dager med Giulia, 1995).

Kjelder

Kategori:Australske forfattarar Kategori:Australske dramatikarar Kategori:Folk frå Melbourne Kategori:Order of Australia