Moratsjøen, (fransk: Lac de Morat, tysk: Murtensee), er ein innsjø i det vestlege Sveits. Han ligg i og mellom kantonane Fribourg og Vaud. Fribourg omkrinsar nordaustdelen av innsjøen, Vaud den sørvestlege delen. Han er den minste av tre innsjøar i Seeland-området ved foten av Jurafjella.

Moratsjøen har eit areal på 22,8 km². Han er 8,2 kilometer lang og 2,8 km på det breiaste. Innsjøen ligg 429 meter over havet, og er på det djupaste 45 meter. Elva Broye er hovudvasskjelda til innsjøen, medan Broyekanalen er avlaup til den nærliggande Neuchâtelsjøen, som ligg på same nivå. Neuchâtelsjøen er i sin tur knytt til Bielsjøen gjennom ein annan kanal. Slik fungerer dei tre innsjøane som flaumreservoar i høve til den store elva Aare, som renn ut i Bielsjøen.

none|400px|Lac de Morat

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Murten» frå , den 15. august 2011.

Kategori:Innsjøar i Sveits Kategori:Geografi i Vaud Kategori:Geografi i Fribourg