Ytre-Standal er ei grend i Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Ytre-Standal er gardsnummer 172 i Ørsta kommune. Fram til kommunesamanslåinga med Ørsta 1. januar 1964 var dette gnr. 62 i Hjørundfjord kommune. Ytre-Standal vart før skrive utan bindestrek og forma Likkje Standal har også vore bruk.

Ytre-Standal ligg på vestsida av Hjørundfjorden ca. 10,5 km sørover frå Festøya. Det er ferjesamband vidare frå Store-Standal. Fylkesveg 70 i Møre og Romsdal går frå Festøya forbi over Standaleidet til kommunesenteret i Ørsta.

Grenda har fem bruk. Fire ligg på rekke langs fjorden og det femte bruket framme i dalen.

Ytre-Standal-dalen går ca. 3 km fram til setra på Hau'en. Det er bomveg 1,5 km. fram i dalen. Fremst utvidar den seg og endar i dalbotnane Likkjekoppen og Storekoppen. Det er høge og kjente fjell på alle kantar. Av desse:

Breitinden, Romedalstinden, Storekopptindane, Likkjedalstindane Ytstenestinden / Slingsbys topp.

Frå setra på Hau'en er det grei rås over Molladalskaret (900 moh.) til Molladalen.

Det er også overgang over Likkjekoppskaret mot Kolåstinden og Standaleidet.

Kjente standalingar Helge J. Standal, forfattar av fjellbøker Ragnar Standal, bygdebokredaktør og forfattar Reidar Standal, sokneprest Eli Anne Tvergrov, forfattar

Bakgrunnsstoff Om fjella rundt Ytre-Standal Fjellinordvest – om fjellene i Ørsta.

Kjelder Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt, Ørsta 1993 ISBN 82-991200-5-5 side 468-509

Kategori:Matrikkelgardar i Ørsta