mini|Temperaturutvikling siste 2000 år mini|Jegerar i snøen. Måleri av Pieter Bruegel den eldre, truleg frå 1565. Den vesle istida er ei nemning på ein kjøligare periode som fann stad etter Den varme perioden i mellomalderen. Det var ikkje ei eigentleg istid, men termen har vore nytta sidan han blei introdusert i vitskapleg litteratur av François E. Matthes i 1939. Konvensjonelt har ein definert den vesle istida til ein periode mellom 1500- og 1800-talet, (noted in Grove 2004:4). men nokre ekspertar føretrekk ein alternativ periode frå rundt 1300Miller et al. 2012. "Abrupt onset of the Little Ice Age triggered by volcanism and sustained by sea-ice/ocean feedbacks" Geophysical Research Letters 39, 31 January: abstract (formerly on AGU website) (accessed via wayback machine 11 July 2015); see press release on AGU website (accessed 11 July 2015). til rundt 1850.Grove, J.M., Little Ice Ages: Ancient and Modern, Routledge, London (2 volumes) 2004.Matthews, J.A. and Briffa, K.R., "The 'Little Ice Age': re-evaluation of an evolving concept", Geogr. Ann., 87, A (1), pp. 17–36 (2005). Henta 17. juli 2015.

Den vesle istida sette i gang til ulike tider rundt på jorda og det meste tyder på at den nordlege halvkula vart hardast råka. Perioden var prega av strenge vintrar og mykje nedbør, men vår- og hausttemperaturane var òg lågare enn normalt. Kor mykje temperaturen fall med i snitt er det ulike oppfatningar av, men nokre anslag er inntil ei grad i tilhøve til dagens temperatur. Sjølv om folk ikkje kjende det så godt på kroppen, merkte ein det på avlingane med kortare vekstperiodar.

NASA Earth Observatory har funne tre særleg kalde periodar: Ein som byrja rundt 1650, ein annan 1770 og den siste i 1850. Mellom desse var det intervall med svak oppvarming. SN sitt klimapanel har teke for seg tida og områda råka av Den vesle istida, og kome fram til at klimaendringane i denne perioden stort sett var regionale og ikkje fann stad på nøyaktig same tid globalt.

Det er lagt fram fleire moglege årsaker til Den vesle istida: Avtakande solaktivitet, hyppigare vulkanutbrot, endringar i karbondioksidnivået i atmosfæren, endringar i dei globale havstraumane, endringar i jordbanen og aksehellinga til jorda, vanleg variabilitet i globalt klima og nedgang i folketalet. Av desse har særleg dei to første blitt framheva.Grønås, Sigbjørn (2003): "Den lille istid skyldes solaktivitet og vulkanutbrudd" , Cicero.no, besøkt 27. februar 2014.

Forsking på Den vesle istida François E. Matthes innførte omgrepet Den vesle istida i 1939. Matthes omtalte isbrear i Sierra Nevada i California som han trudde ikkje kunne ha overlevd atlantikum. Bruken hans av omgrepet er blitt avløyst av «neoglasiasjon».

Den vesle istida er vorte dokumentert på ulike vis. Før 1600-talet skreiv ein ned informasjon som ein har funne i annalar. Nokre få gardsbrukarar skreiv ei slags dagbok med dato for årets innhausting o.l. Nokre noterte seg når isen eller snøen kom og forsvann. Temperatur-, nedbør- og vindmåling kom noko seinare.

Tidsbestemming mini|Dei siste nedskrivne kjeldene frå dei norrøne grønlendingane er frå eit giftarmål i Hvalsey kyrkje i 1408, som no ligg i ruinar.

Det er ikkje noka semje om byrjinga eller slutten på den vesle istida, men ei rekkje hendingar før dei kjende klimatiske minimuma blei ofte nemnde. På 1200-talet byrja pakkisen i Nord-atlanteren og isbrear på Grønland å flytta sørover. Munnlege overleveringar tyder på at isbrear voks over nesten heile verda. Radiokarbondatering av rundt 150 eksempel av plantemateriale med intakte røter, samla inn frå under isdekket på Baffinøya og Island, tyder på at kalde somrar og isvekst byrja med eitt mellom 1275 og 1300, følgd av ei kraftig intensivering frå 1430 til 1455.

På grunn av dette er det mange moglege startdatoar for Den vesle istida over ein periode 400 år: 1250: Pakkisen i Atlanterhavet byrja å auke i mengd. Den kalde perioden kan ha blitt starta eller forsterka av det store Samalas-vulkanutbrotet i 1257. 1275-1300 ut frå radiokarbondatering av plantar drepne av brevekst. 1300: Varme somrar var ikkje lenger garantert i Nord-Europa. 1315: Den store hungersnauda 1315–1317. 1550 for ei mogleg byrjing av brevekst globalt. 1650: Første globale temperaturminimum

Den vesle istida enda i andre del av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet.

Årsaker Forskarar har trekt fram tre årsaker som kvar for seg eller i kombinasjon kan vere årsaka til den vesle istida.

Jordbanesyklusar

Endringar i aksehelling og jordbanen rundt sola har gjennom dei siste 2000 åra forårsaka ein langvarig kjølingstrend på den nordlege halvkula. Denne var ved i mellomalderen og Den vesle istida. Raten i nedkjøling av Arktis har vore på rundt 0,02 °C per hundreår.

Solaktivitet

Ein har framleis lite kunnskap til samanhengen mellom låg solflekkaktivitet og kjøligare temperaturar.Radiative Forcing of Climate Change: Expanding the Concept and Addressing Uncertainties, National Research Council, National Academy Press, Washington, D.C., s. 29, 2005.Sunspot Activity at 8,000-Year High Space.com Astronomy 27 October 2004 Det er kjent at det i perioden frå 1675-1715, i midten av Den vesle istida, var veldig få solflekkar. Dette er kjend som Maunder-minimumet. Ein har også identifisert Spörer-minimumet med ein viktig nedkjølingsperiode mellom 1460 og 1550. Andre indikatorar på låg solaktivitet i denne perioden er nivåa på isotopane karbon-14 og beryllium-10.

Ein hadde òg eit minimum i solflekkaktivitet i perioden 1780-1829.

Vulkanutbrot

Gjennom heide Den vesle istida hadde verda høg vulkanaktivitet. Vulkanutbrot hemmar solinnstrålinga ved at små partiklar svevar rundt i lufta over lengre tid. Ved eit vulkanutbrot kan oska frå vulkanen bli send høgt opp i atmosfæren og bli spreidd utover heile jorda. Oskeskya kan stenga ute mykje av sollyset, og føra til ei global nedkjøling som kvar vara i opptil to år etter utbrotet. Utbrota slepp også ut svovel i form av svoveldioksid. I stratosfæren blir denne gassen omdanna til svovelsyrepartiklar, som kan reflektera sollyset og redusera solstrålinga som når jorda endå meir.

Eit nyleg studium fann at ein stor tropisk vulkan hadde utbrot i 1257, kanskje Samalas nær Rinjani, begge på Lombok i Indonesia, følg av tre mindre utbrot i 1268, 1275 og 1284 som hindra klimaet frå å koma seg att. Dette kan ha forårsaka den grunnleggjande nedkjølinga, medan utbrotet av Kuwae på Vanuatu i 1452–53 forårsaka ein neste omgang av nedkjøling.Was the Little Ice Age Triggered by Massive Volcanic Eruptions? ScienceDaily, 30. januar 2012 (henta 21. mai 2012) Andre vulkanar som hadde utbrot på denne tida og kan ha bidrege til nedskjølinga er mellom anna Billy Mitchell (ca. 1580), Huaynaputina (1600), Mount Parker (1641), Long Island på Papua Ny-Guinea (ca. 1660) og Laki (1783). Tambora i Indonesia hadde eit stort utbrot i 1815, og spreidde oske utover heile atmosfæren. I ettertid har 1816 vorte kjent som året utan sommar, det vart rapportert om frost og snøfall fleire gonger i Nord-Europa både i juni og juli.

Svartedauden Svartedauden som herja i verda på 1300-talet er nemnt som ei medverkande årsak til den vesle istida. Folkesetnaden i Europa og Asia vart redusert med mellom 25 % og 45 %, noko som førte til ein nedgang i jordbruket. Dette førte igjen til at gardar og dyrka mark grodde igjen, og den auka skogen førte til at CO2- og metannivået atmosfæren sokk. Drivhuseffekten vart då svakare.

Klimaendringar Temperaturar Kring 1850 byrja klimaet å bli varmare, og den vesle istida slutta. Nokre klimaendringskritikarar meiner at klimaet til jorda enno er i ein omstillingsfase etter den vesle istida, og at menneskeleg aktivitet ikkje spelar ei avgjerande rolle i den globale oppvarminga, men denne oppfatninga har ikkje større oppslutning. Den vanlege vitskaplege oppfatninga av klimaendringane dei siste 50 åra, er at desse er knytte til auken av CO2 i atmosfæren som kjem av menneskeleg aktivitet. Det er mindre semje om årsaksforholda for tidsperioden før 1950.

Som til alle tider har temperaturen òg før 1750 variert ein god del. Ein har hatt kalde og varme periodar. Det som likevel er interessent er om temperaturen gjennomgåande avveik vesentleg frå middelforholda slik vi kjenner dei i dag. Det manglar norske temperaturmålingar før 1761, så for å få instrumentelle data må ein sjå til utlandet. Ser ein på temperaturmålingar i Midt-EnglandManley G : The mean temperature of central England 1698- 1952, Quart. J. of the Royal Meterological Society, 1953. og Wishmann E H : Studiet av Ryfylkes klimahistorie i sein- og postglacial tid, 1979 frå 1700 og fram til i dag, kan temperaturen ikkje ha vore så låg at han kan ha påverka kornproduksjonen i Noreg i nemneverdig grad. Ser ein på sommartemperaturen (juni-august) for Midt-England for perioden 1698-1750 er middelverdien nøyaktig den same som for perioden 1698-1950. Det einaste året med verkeleg dårleg sommar i Midt-England var i 1725. Det er i Noreg likevel rapportert om ein del kalde somrar i einskilde år som i 1740-42, utan at ein finn tilsvarande tilhøve i England.

Nedbørstilhøve Veksten i breane er styrt av to tilhøve. Det eine er kor mykje nedbør som fell som snø i løpet av vinteren og av kor mykje som smeltar i løpet av sommaren (sommartemperaturen). Når glasiologane skal forklare veksten i breane har dei ofte rekna nedbørsmengdene som konstante, og prøvt å forklare veksten ved å endre på temperaturen. Ei historisk temperaturutvikling basert på eit slikt utgangspunkt treng ikkje å vere rett. Den store jordrasaktiviteten kan ha årsaka si i ein auke av grunnvasstanden som har gjort at skråningar som tidlegare har vore stabile, har vorte ustabile. Når grunnvasstanden har auka kan det skulde auka middelverdiar for nedbøren. Når det i denne tida ofte var store flaumar må ein tru at òg spreiinga av nedbøren har vore større enn i dag.Arne Kvitrud: "Den lille istida" 1650-1750, Ætt og heim, lokalhistorisk årbok for Rogaland, 1990.

Istilhøve Isprøvar henta frå innlandsisen på Grønland seier ikkje noko spesielt kaldt klima der.Gribbin J og Gribbin M : Climate and history : the Westvikings' saga, New Scientist 20. januar 1990.

Erik PontopidanPontopidan E : Norges Naturlige Historie, 1752-53. skreiv i 1752-53 ein stad at havet var ope for drivis til 80-82 grader N og ein annan stad til 80 grader N. Dette må ein tru er basert på fleire års røynsle frå ishavsfiskarar som Pontopidan har snakka med. Samanliknar ein med isobservasjonar frå 1970-88 låg drivisen i Barentshavet i middel så langt nord som 80 grader N om lag ein månad i året. Ei isgrense så langt nord som ved 82 grader N er ei uvanleg hending i våre dagar. «Den vesle istida» kan i så fall ikkje ha vore uvanleg kald her.

Isbrear Det har vorte rapportert om at isbreane i Noreg voks, og at fleire gardar måtte fråflyttast. Liknande rapportar kjem frå Alpane, New Zealand og Andesfjella. I denne perioden vart dei norske koloniane på Grønland og i Nord-Amerika fråflytta, og på Island fall folketalet kraftig. Det finst mange historier om dårlege år frå både Noreg og Skottland. Charles Dickens skreiv på 1800-talet om kvit engelsk jul som det mest naturlege ein kunne tenkja seg.

Verknadar

Europa mini|Svenskene ut på isen. Måleri av Johan Philip Lemke. mini|venstre|Skøyting på hovudkanalen Pompenburg i Rotterdam i 1825, måla av Bartholomeus Johannes van Hove mini|The Frozen Thames, 1677