Lingvistikk eller språkvitskap er det vitskaplege studiet av naturleg språk og tale. Utøvarar av lingvistikk blir kalla lingvistar. Omgrepet lingvist blir av og til feilaktig nytta om ein polyglott, altså ein som snakkar fleire språk, men ein lingvist treng ikkje nødvendiggvis snakke fleire språk. Det er to viktige skiljelinjer innan lingvistikken: Teoretisk vs. anvend: Teoretisk lingvistikk eller allmenn språkvitskap handlar om prinsipp for skildring av ulike språk og universelle aspektar ved språk; anvend lingvistikk, eller anvend språkvitskap søkjer bruk av slike teoriar på praktiske problem, slik som pedagogikk, taleteknologi eller taleterapi. Autonom vs. kulturell (desse termane er ikkje veletablerte, men det finst ikkje gode alternativ): Autonom lingvistikk studerer språk og eigenskapane deira i abstraksjon frå mange aspektar ved dagleg språknytte. Dette er omtrent det Saussure kalla langue, og Chomsky har kalla I[nternal]-language. Kulturell lingvistikk studerer det Saussure kalla parole, og Chomsky har kalla E[xternal]-language, nemleg språk som eit fenomen som eksisterer uavhengig av den enkelte språkbrukaren: Ein studerer altså den sosiale funksjonen, eller korleis språkbruk passar inn i ein vidare kontekst av menneskeleg åtferd.

Språkforskarar som beintfram kallar seg lingvistar eller teoretiske lingvistar, utan vidare kvalifikasjonar, driv vanlegvis med autonom, teoretisk lingvistikk, og dette er vanlegvis sett på som kjernen av feltet. Men språkforsking blir utført i ei rekkje ulike retningar, som ikkje alltid er i harmoni med kvarandre. Den amerikanske forfattaren og frilansjournalisten Russ Rymer har sagt det slik:

Delemne

thumb|Brocas og Wernickes område har vist seg å vere sentrale for språkevna. Til dømes har slagpasientar som lid av språkleg afasi gjerne skader i desse områda. Hovudmålet med autonom teoretisk lingvistikk er å karakterisere eigenskapane ved den menneskelege språkevna, eller deira språklege kunnskap. Ein ynskjer å forklare kva det er eit individ kan når dette individet snakkar eit språk, korleis denne kunnskapen oppstod, og korleis slik kunnskap interagerer med andre kognitive system. Alle menneske (dersom vi ser bort frå patologiske tilfelle) tileignar seg morsmålet sitt, det språket som blir nytta rundt dei i oppvekstmiljøet deira, om dette er eit talespråk eller eit teiknspråk. Dessutan oppnår dei slik kunnskap utan systematisk opplæring eller instruksjon. Dyrearter det er nærliggande å samanlikne oss med, har ikkje denne evna. Det må difor eksistere ein artsspesifikk genetisk skilnad mellom menneske og desse dyreartene, og denne skilnaden må liggje til grunn for den menneskelege evna til å tileigne seg språk. Dette er faktisk ukontroversielt. Det er mykje meir kontroversielt om denne artspesifikke, nedarva eigenskapen bør tenkjast på som ein spesialisert modul av den kognitive utrustinga vår som berre har med språk å gjere, altså ein språkspesifikk modul. Vi veit likevel at det finst område av hjernen som er vitale for språkevna vår, nemleg Brocas område og Wernickes område. Sidan barn tileignar seg ulike språk dersom dei veks opp i ulike språkmiljø, er det naturlegvis ingen genetisk basis for skilnadene mellom eit språk og eit anna.

Språklege strukturar må representere relasjonen mellom tyding og lyd (eller andre metodar for eksternalisering, som i teiknspråk). Lingvistar kan spesialisere seg i ulike delar av slike lingvistiske strukturar, og desse delane kan arrangerast slik, frå lyd til tyding:

Fonetikk, studiet av språklydar frå eit fysiologisk og akustisk perspektiv Fonologi, studiet av abstrakte strukturar og system for organisering av språklydar Morfologi, studiet av den interne strukturen i ord Syntaks, studiet av korleis ord kan kombinerast i grammatiske frasar og setningar Semantikk, studiet av tydinga til ord, faste uttrykk, og korleis desse kan kombinerast til dei komplekse tydingane til setningar Pragmatikk, studiet av korleis ytringar blir brukt i ytringskonteksten Diskursanalyse, studiet av setningar organisert i tekster

Det er av og til eit kontroversielt tema om nokon av desse kategoriane er uavhengige av alle dei andre, og om nokre av dei bør slåast saman. Dei fleste lingvistar ville seie seg samde i at det er gråsoner mellom alle desse kategoriane.

Andre spesialiseringsområde kombinerer desse felta med andre disiplinar: Språktileigning, studiet av korleis språktileigning fungerer Historisk lingvistikk eller diakron lingvistikk, studiet av utviklinga av ulike språk over tid Psykolingvistikk, studiet av kognitive prosessar og representasjonar som er relaterte til språkbruk Sosiolingvistikk, studiet av sosiale mønster i språkvariasjon Klinisk lingvistikk, applikasjon av lingvistisk teori til språkpatologiar

Variasjon Ein stor del av den forskinga som blir utført innan lingvistikken går på skilnader og likskapar mellom språka i verda. Det er veldig viktig å forstå eigenskapane ved språkleg variasjon, dersom ein skal forstå den menneskelege språkevna meir generelt: Viss språkevna er styrt i detalj av dei biologiske eigenskapane til menneskearten, burde språka i verda vere relativt like. Viss dei biologiske eigenskapane til arta har mindre relevans for språkevna, burde språka i verda vere svært ulike frå kvarandre.

Det finst ulike måtar å tolke likskapar mellom språk. Til dømes latin, slik det vart snakka av romarane, utvikla seg til dagens spansk, italiensk, fransk, rumensk osb. Mange av likskapane mellom desse språka kan difor forklarast med at dei har utvikla seg frå same urspråk. Likskapar mellom språk kan difor i prinsippet kome av at dei to språka stammar frå same urspråk, eller ein artsspesifikk eigenskap ved den menneskelege språkevna.

I mange tilfelle kan ein utelukke utvikling frå same urspråk som ei mogleg forklaring. Naturlege språk har sannsynlegvis eksistert heilt sidan det moderne mennesket oppstod for omtrent femti tusen år sidan. Målingar av språkforandring over tid (til dømes målingar av skilnader mellom språka i antikke skriftkjelder og deira moderne dotterspråk) viser at språk forandrar seg raskt nok til at det er fullt umogleg å rekonstruere dei språka som vart snakka for så lenge sidan. Det er difor ikkje vanleg å bruke likskapar mellom språk i ulike delar av verda som evidens for utvikling frå same urspråk (språkslektskap).

Det er kanskje endå meir slåande at det finst dokumenterte tilfelle av teiknspråk som utvikla seg i samfunn av arveleg døve born som ikkje hadde tileigna seg noko anna språk, og som difor ikkje kunne ha vore utsett for talespråk. Slike teiknspråk har vist seg å dele mange av dei eigenskapane som kjenneteiknar ulike talespråk. Dette støttar opp under hypotesen om at slike språklege likskapar bør forklarast utor den menneskelege artsspesifikke biologiske utrustinga, snarare enn språkslektskap.

Eit døme på ein universell generalisering om språk er at det finst ei rekkje språk som systematisk plasserer verbet på nest første plassen i hovudsetningar, til dømes norsk og tysk. Dette blir vanlegvis kalla for V2, og nedanfor er det gjeve eit døme på dette med verbet i utheva skrift. Det finst derimot ingen språk som systematisk plasserer verbet på nest siste plassen. Grammatisk: No tek vi oss ein kopp kaffi. Ugrammatisk: *No vi tek oss ein kopp kaffi.

Eit anna døme finst i organiseringa av stavingar. Norsk tillèt stavingar som består av ein konsonant (forkorta som «K»), etterfølgd av ein vokal (forkorta som «V»), som igjen blir følgt av ein konsonant (døme: mat; KVK). Det finst språk som utelukkande har KV-stavingar (døme:ta). Dei tillèt ikkje stavingar som endar på ein konsonant (KVK eller VK). Men det finst ingen språk som utelukkande tillèt VK-stavingar, stavingar som består av ein vokal etterfølgd av ein konsonant, altså eit språk som ikkje tillèt stavingar som byrjar på ein konsonant (KVK eller KV). Norsk tillèt VK-stavingar (ut), men òg KV-stavingar (på).

Det ser altså ut til at det er umogleg for den menneskelege språkevna å tileigne seg språk som systematisk plasserer verba på nest siste plassen i hovudsetningar, eller språk som systematisk forbyr stavingar som byrjar på ein konsonant, medan dei omvende systema (verbet på nest første plassen, eller forbod mot VK-stavingar) er relativt vanlege. Grovt sagt kan samlinga av slike universelle generaliseringar kallast den universelle grammatikken (eller UG). Dette temaet er likevel kontroversielt, og termen blir nytta på mange ulike måtar.

Universelle språklege eigenskapar (språklege universalia) kan delvis forklarast som resultat av universelle eigenskapar ved dagleglivet til menneske. Til dømes vil alle menneske vere i jamleg kontakt med vatn, så det er inga stor overrasking at alle språka i verda har eit ord for vatn. Når ein prøver å finne ut kva for språklege universalia som stammar frå den biologiske utrustinga til arta må ein altså kontrollere for dette. Men daglege røynsler er ikkje tilstrekkeleg for språktileigning, sidan dyr som lever rundt menneske ikkje tileignar seg menneskespråk. Dyr kan tileigne seg eller forstå eit avgrensa vokabular, men forsøk med sjimpansar og andre relativt intelligente dyrearter har vist at dei i beste fallet er svært avgrensa med omsyn til tileigning av grammatiske reglar.

Skuldast eigenskapar ved UG generelle eigenskapar ved menneskeleg kognisjon, eller eigenskapar ved menneskeleg kognisjon som er språkspesifikke? I dag veit vi for lite om kognisjon til å kunne stille denne spurnaden på ein presis måte. Difor formulerer ein ofte lingvistiske generaliseringar utan å ta stilling til dette.

Eigenskapar ved naturlege språk thumb|Eit rekursivt bilete. Rekursjon blir nokre gonger kalla «Droste-effekten» på grunn av emballasjeillustrasjonen for eit nederlandsk kakaomerke frå 1904. thumb|Nok ein rekursiv struktur. Denne Romanesco-brokkolien viser ein fraktalstruktur.

Allereie i antikken forstod grekarane og indarane at naturlege språk organiserer seg rundt grammatiske kategoriar, som substantiv og verb, nominativ og akkusativ, eller presens og preteritum.

I tillegg til å bruke slike grammatiske kategoriar har naturlege språk den viktige eigenskapen at dei organiserer element i rekursive strukturar. Ein substantivfrase kan innehalde ein annan substantivfrase, og ei undersetning kan innehalde ei anna undersetning. Substantivfrasen «favorittsjokoladen til sonen til kongen av Danmarks» er eit døme på dette. Rekursjon var kjent i lingvistikken tidlegare (til dømes gjennom Jespersen), men det var først etter at Noam Chomskys bok Syntactic structuresChomsky, Noam. 1957. Syntactic Structures. Mouton, Den Haag. kom ut i 1957 at ein forstod rekkjevidda av dette aspektet ved naturlege språk.

Chomsky nytta ein kontekstfri grammatikk i tillegg til transformasjonar til å skrive ein formell grammatikk for eit fragment av engelsk. Sidan har kontekstfrie grammatikkar vorte skrivne for store fragment av ulike språk (til dømes GPSG for engelsk), men det finst no matematiske bevis for at kontekstfrie grammatikkar ikkje kan takle fenomen som kryss-serielle avhengigheiter, og desse finst i naturlege språk. Dette viser altså at ein treng kraftigare mekanismar, til dømes transformasjonar.

Eit døme på slike kryss-serielle avhenger kjem frå nederlandsk:Bresnan, Joan, Ronald Kaplan, Stanley Peters, and Annie Zaenen. 1982. Cross-serial dependencies in Dutch. Linguistic Inquiry 13:613-636.Shieber, Stuart. 1985. Evidence against the context-freeness of natural language. Linguistics and Philosophy 8:333-344.

Ik denk dat Jan Piet de kinderen zag helpen zwemmen Eg trur at Jan Piet borna såg hjelpe symje Eg trur at Jan såg Piet hjelpe borna å symje.

Poenget er at substantivfrasene føre verbklynga (Jan, Piet, de kinderen) avheng av verba i verbklynga (zag, helpen, zwemmen) i tur og orden frå venstre til høgre.