Arne Foldvik () er ein norsk oseanograf.
Han har vore tilknytt Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen frå 1960 og har frå 1985 vore professor. Han har arbeidd med generell oseanografi og meteorologi, men har særleg konsentrert seg om polarforsking etter 1970. Han leia fleire ekspedisjonar til polarområda i samarbeid med forskarar frå både inn- og utland. Dette har mellom anna ført til ny og betre kunnskap om djupvassdanning og havklima. Foldvik la grunnlaget for polaroseanografi som nytt fag ved Universitetet i Bergen, og var med på å bygge opp universitetsstudiar på Svalbard (UNIS).
Han har òg hatt styreverv ved Geofysisk institutt ved UiB og ved Oceanografiska Institusjonen ved Göteborgs Universitet. Frå 1992 er han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. Han vart tildelt Framkomiteens Nansen-belønning og diplom i 1990.
Utgjevingar (utval) Conditional instability of sea water at the freezing point (saman med T. Kvinge), 1974 Verdens kaldeste sjøvann (saman med H. Gade), 1978 Low frequency Currents and Continental Shelf Waves in the Southern Weddell Sea (saman med J. H. Middleton og T. D. Foster), 1982 Hvorfor havet er så rikt?, 1983 Mixing and Bottom Water Formation in the Shelf Break Region of the Southern Weddell Sea (saman med T. D. Foster og J. H. Middleton), 1987 The tides of the Southern Weddell Sea (saman med J. H. Middleton og T. D. Foster), 1990 Modelltanken ved Geofysisk Institutt, 1999
Kjelder
Kategori:Norske oseanografar Kategori:Oseanografiprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Tromsø