Mosambikstraumen er ein varm havstraum som flyt mot sørvest frå Indiahavet og gjennom Mosambik-kanalen. Utanfor Kapp Agulhas svingar straumen mot søraust og vert Agulhasstraumen.

Den klassiske definisjonen av Mosambikstraumen er ein kraftig, jamn vestleg grensestraum. Moderne forskarar har derimot utfordra denne definisjonen og meiner at straumen ofte består av ei rekkje store antisyklonske virvlar i kanalen. Direkte bevis for desse virvlane finn ein i satellittmålingar av vasshøgda,Schouten, M., W. de Ruijter, P. van Leeuwen, and R. Ridderinkhof (2003), Eddies and variability in the Mozambique Channel. Deep-Sea Res. II,50, 1987-2003. skipsmålingarDe Ruijter, W. P. M., H. Ridderinkhof, J. R. E. Lutjeharms, M. Schouten, and C. Veth (2002), Observations of flow in the Mozambique Channel, Geophys. Res. Lett., 29, 1401-1403 og fastspente straummålarar.Ridderingkhof, H., and W. de Ruijter (2003), Moored current observations in the Mozambique Channel, Deep-Sea Res. II, 50, 1933-1955. Straummålarane som stod der i over to år, synte ikkje ein jamn, kraftig straum langs kysten av Mosambik. Numeriske modellar syner likevel at i periodane utan om virvlane, så vert Mosabikstraumen kraftig.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mozambique Current» frå , den 9. september 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Havstraumar i Indiahavet