Viggo Brun () var ein norsk matematikar. Viggo Brun var professor i matematikk, og arbeidde med talteori, særleg fordelinga til primtala. Han fann att originalmanuskriptet til den såkalla Pariseravhandlinga til Niels Henrik Abel.
Brun studerte ved Universitetet i Oslo og byrja forskarkarriera si ved Universitetet i Göttingen i 1910. I 1924 vart han professor ved NTH og i 1946 professor ved Universitetet i Oslo. Han pensjonerte seg i 1955.
Brun var først og fremst oppteke av primtalsteori, men òg av kjedebrøk og generaliseringar og kombinatorikk. Han skreiv òg eit par populærvitskaplege bøker om matematikkhistorie.
Brun-konstant og Brun-teorem er kalla opp etter han. Viggo Brun var æresdoktor ved universitetet i Hamburg, og han var medlem av vitenskapsakademia i Helsingfors, Uppsala og Oslo. Det sistnemnde tildelte han Fridtjof Nansen-prisen i 1939. Han var preses i Vitenskapsselskapet i Trondheim 1945–1946, og det tildelte han sin Gunnerus-medalje i 1958. Han var æresmedlem i Norsk Matematisk Forening.
Utvald bibliografi Ein Satz über die Irrationalität, Göttingen 1910 La Crible d'Eratosthene et le theoreme de Goldbach, i DKNVS Skr. I, Mat.-naturv. kl., nr. 3, 1920 Regnekunsten i gamle Norge. Bok utgitt på Universitetsforlaget i 1962. Alt er tall. Matematikkens historie fra oldtiden til Renessanse. Bok utgjeve på Universitetsforlaget i 1964, opptrykk 1992 (ISBN 82-13-00151-6)
Kjelder
Kategori:Norske matematikarar Kategori:Professorar ved NTH Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske matematikkprofessorar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det finske vitskapsakademiet Kategori:Talteoretikarar Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Folk frå Lier