Schaffhausen er ein by og ein kommune i det nordlege Sveits, hovudstad i kantonen Schaffhausen. Kommunen har innbyggjarar () med eit . Kommunesenteret ligg 403 meter over havet.Schaffhausen er den nordlegaste byen i Sveits, og ein av fire som ligg nord for Rhinen. Den gamle delen av byen har mange bygningar frå renessansen som er dekorert med utvendige fresker og skulpturar. Òg den gamle kantonsfestninga Munot er eit vanleg turistmål.

mini|venstre|Utsyn over Schaffhausen Næringsliv Schaffhausen har nokre større industribedrifter som mellom anna lagar røyrsystem, maskinverktøy og produserer for bilindustrien. Dessutan har ein farmasøytisk industri, og ein internasjonalt kjend klokkeprodusent.

Historie Schaffhausen var ein bystat i mellomalderen, som slo eigne myntar så tidleg som i 1045. Etter ei tid under Habsburg-dominans, vann byen att sjølvstendet i 1415. Byen allierte seg med Zürich i 1457, og vart ein fullverdig medlem av den sveitsiske konføderasjonen i 1501.

Den første jarnbanen kom til Schaffhausen i 1857.

Kantonen Schaffhausen er omringa av tysk territorium på tre kantar. Den 1. april 1944 vart byen Schaffhausen råka av eit bombetokt frå det US-amerikanske flyvåpenet, som hadde forvilla seg frå tysk luftrom inn over det nøytrale Sveits. 49 sveitsarar omkom under bombinga, som byen framleis minnest med klokkekiming kvar 1. april.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schaffhausen» frå , den 18. september 2011.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Turistinformasjon

Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Schaffhausen