Never Let Me Down er det 17. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 20. april 1987 på EMI America Records. Etter ei rekkje ulike prosjekt, håpte Bowie å lage den neste plata annleis etter det skuffande Tonight (1984). Albumet skulle vere grunnlaget for ein teatralsk verdsturné, og vart spelt inn Mountain Studios i Montreux i Sveits og Power Station i New York City siste halvdel av 1986 til tidleg i 1987. Det vart produsert i lag med David Richards og det var første gongen sidan Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980 at Bowie spelte instrument i tillegg til å syngje. Musikalsk er Never Let Me Down har blitt skildra som poprock og kunstrock. Bowie sjølv rekna plata som eit steg attende til rock and roll. Plateomslaget syner Bowie omgjeve av ulike element frå songane.
Albumet kom ut med ulik lengd på vinyl og CD og selde godt med ein sjetteplass på albumlista i Storbritannia. Det vart gjeve ut tre singlar, «Day-In Day-Out», «Time Will Crawl» og «Never Let Me Down», som alle gjekk inn på britisk Topp 40. Trass i salssuksessen fekk albumet dårleg kritikk av både fans og kritikarar, særskild produksjonen på plata. Bowie marknadsførte albumet med Glass Spider-turneen, kalla opp etter ein av songane, ein verdsturné som på det punktet var den største, mest teatralske og omfattande turneen han hadde gjennomført i karrieren. Turneen vart ein stor salssuksess, men vart slakta av kritikarane. Den harde kritikken var faktorar som gjorde at Bowie byrja å sjå seg om etter nye måtar å motivere seg sjølv kreativt og fekk han til å skipe rockebandet Tin Machine i 1989. Han gav ikkje ut eit nytt soloalbum før Black Tie White Noise i 1993.
I seinare år har Never Let Me Down generelt blitt rekna som ei av dei svakaste platene til Bowie. Ein av songane, «Too Dizzy», er blitt sletta frå seinare nyutgjevingar fordi Bowie mislikte songen. Medan han levde var Bowie sjølv kritisk til Never Let Me Down, og distanserte seg sjølv frå arrangementet og produksjonen av det ferdige albumet. Han sa fleire gonger at han ønskte å spele inn albumet på nytt, og miksa til slutt «Time Will Crawl» på ny for samleplata iSelect (2008). Mario J. McNulty miksa songen og fullførte ideen til Bowie om å gjenskape heile albumet i 2018. Denne kom ut som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988), kalla Never Let Me Down 2018 med ny produksjon og instrumentering over den originale vokalen til Bowie. Kritikarane meinte den nye versjonen var ei forbetring.
Bakgrunn og utvikling Etter at Bowie vart ei internasjonal superstjerne i 1983 med albumet Let's Dance og den påfølgjande Serious Moonlight-turneen, kjende David Bowie seg fråkopla frå den nye, store fanbasen sin. Etter at oppfølgjaren Tonight (1984) fekk dårleg kritikk, dreiv Bowie på med ei rekkje ulike prosjekt, som eit samarbeid med Pat Metheny Group og Mick Jagger, filmskodesspel og musikk for filmar, som Absolute Beginners (1985) og Labyrinth (1986). Etter den suksessrike framføringa hans på Live Aid i 1985, ønskte selskapet til Bowie, EMI, eit nytt album. Dei sette saman ei samling av 12"-miksar frå Let's Dance og Tonight, kalla Dance, som nådde så langt som at det vart laga plateomslag, før det vart skrinlagd. I midten av 1986 samarbeidde Bowie med den gamle venen Iggy Pop på soloalbumet hans Blah-Blah-Blah, der han produserte og var medlåtskrivar på fleire spor. Han samarbeidde så med Erdal Kızılçay for tittelsporet til filmen When the Wind Blows i 1986, før han drog attende til studio for å spele inn det neste albumet sitt.
Fordi han hadde skuffa med Tonight, ønskte Bowie å lage det neste albumet heilt annleis. Han ønskte å gå attende til å spele inn musikk med ei lita rockegruppe, slik han hadde gjort tidleg i karrieren, og lage eit album som var «attende til rock 'n' roll-musikk. Særs direkte.»
Låtskriving og innspeling mini|Utsyn over Montreux i Sveits, der Bowie spelte inn albumet. Bowie brukte midten av 1986 i heimen sin i Sveits til å skrive songar i lag med Iggy Pop. Bowie skreiv Never Let Me Down med føremålet om å framføre songane i eit teatralsk show. Han kjøpte ein Foster 16-spors- og AHB-miksepult for å spele inn avanserte heimedemoar, som han spelte inn i lag med Kızılçay før han byrja å arbeide på albumet med eit fullt band. Etter å ha arbeidd sporadisk i lag sidan 1982 sette Bowie stor pris på musikaliteten til Kızılçay og sa «Han kan byte frå fiolin til trompet til valthorn, vibrafon, perkusjon, kva som helst...Kjennskapen hans til rock byrjar og endar med The Beatles! Bakgrunnen hans er i røynda jazz.» Under innspelinga spelte Kızılçay klaverinstrument og synthesiser, og i følgje biografen Chris O'Leary, «alle lydar» som Bowie bad om. I motsetnad til innspelinga for Tonight, ønskte Bowie å oppfordre til samarbeid under innspelinga og sa: «Eg laga demoar av alt før me drog inn, og eg spelte dei til alle og sa, 'eg vil at det skal høyrast nøyaktig ut som dette, men betre!'»
Det tok tre månader å skrive og spele inn albumet. Innspelinga byrja i Mountain Studios i Montreux i Sveits, og fullført i Power Station på Manhattan i New York City. Albumet vart produsert av Bowie og David Richards, som hadde vore lydteknikar på “Heroes” og medprodusent på Blah-Blah-Blah. Lydteknikar på albumet var same som på Let's Dance, Bob Clearmountain, som i følgje Bowie var ansvarleg for «den flotte, kraftige» lyden på albumet. Med seg frå Tonight-innspelingane var dei faste samarbeidspartnarane Carlos Alomar, Carmine Rojas og ei gruppe saksofonistar kalla «The Borneo Horns». I tillegg til Kızılçay, hadde dei med seg Peter Frampton, ein tidlegare klassekamerat av Bowie, på sologitar. Bowie ringde Frampton etter å ha lytta til det siste albumet hans, Premonition (1986), og sa «Eg har alltid tenkt det ville vere ein god ide å arbeide med han fordi eg var så imponert over han som gitarist på skulen.» Sid McGinnis, i periodar medlem av bandet på showet til David Letterman, spelte sologitar på tre spor, inkludert «Day-In Day-Out», «Time Will Crawl» og «Bang Bang». For første gongen sidan Scary Monsters, spelte Bowie sjølv instrument på albumet, i tillegg til å syngje. For somme spor på albumet spelte Bowie klaverinstrument, synthesiser, rytmegitar og på to spor («New York's in Love» og «'87 and Cry») spelte han sologitar. I følgje Kızılçay, «brukte me å starte kring 10 om morgonen og var ferdig kring åtte om kvelden» då dei spelte inn albumet, og la til at Bowie «var særs disiplinert» medan han spelte inn albumet «og prøvde alltid på noko nytt.»
Bowie, Richards og Kızılçay spelte inn akkompagnement i Mountain dei to første vekene, før Alomar og Frampton vart henta inn for å leggje til gitar. Innspelinga flytta så til Power Station, der blåsarar og korvokal vart lagt til, i tillegg til perkusjon frå Errol «Crusher» Bennett. I følgje Richards var dette element Bowie sa «du bere kan få i New York». Richards sa om bidraga til Bennett: «Han la alle instrumenta sine på eit bord, og eg sette opp mikrofonar i kvar ende. Så når han flytta seg rundt, så panorerte lydane med han, og skapte nokre rare romlege effektar.» Det meste av vokalen til Bowie var teken frå guide-vokalen han spelte inn i Mountain, sjølv om noko vart spelte inn på ny i The Power Station. Richards forklarte: «David song alltid ein guidevokal tidleg i prosessen. Det meste av denne vokalen var så bra og han hadde ein slik spontanitet at dei enda opp på plata.» «Never Let Me Down», som opphavleg heitte «Isolation», vart lagt til albumet i siste augneblikk og var skriven og spelt inn i løpet av ein dag under den siste veka av miksinga i The Power Station. Skodespelaren Mickey Rourke spurte Bowie om å få vere med på ein av songane. Dei to hadde møtt kvarandre i London då Rourke spelte inn filmen A Prayer for the Dying (1987). Bowie fekk han til å framføre ein rap i midten på songen «Shining Star (Makin' My Love)». Bowie omtalte spøkefullt framføringa til Rourke som «metoderapping». Bowie skreiv og spelte inn to ekstra songar som enda opp som B-sider: «Julie» og «Girls» (skriven i lag med Kızılçay). Sistnemnde vurderte han ei kort stund å ta med på albumet seint i 1986.
Songar Musikken på Never Let Me Down har blitt skildra som poprock og kunstrock. Under skapinga sa Bowie at han følte lyden og stilen minna om Scary Monsters (and Super Creeps) frå 1980 og mindre på dei seinare føregangarane. Han meinte likevel at songane på albumet mangla ein samanhengande musikalsk stil, som han sa reflekterte den eklektiske musikksmaken hans på den tida, og sa at albumet «spegla alle låtskrivarstilane eg har brukt dei siste par åra.» Då albumet vart marknadsført skildra han det som «ein eklektisk hybrid av langvarig påverknad og personleg nostalgi.» Biografen Paul Trynka skreiv at plata inneheld stort sett «konvensjonell musikk, tekst og lyd.»
Totalt sett oppsummerte Bowie albumet etter det kom ut i 1987 som eit forsøk på «å reetablere det eg brukte å gjere, som var eit gitarorientert album. Eg trur det neste albumet vil bli enno meir sånn.» Oppfølgjaren vart det heilt gitardominerte rockebandalbumet Tin Machine (1989).
Side ein Bowie skreiv opningsporet på albumet, «Day-In Day-Out», fordi han var uroa over korleis heimlause vart handsama i USA, og ønskte å komme med ei utsegn om dette.
«Time Will Crawl», som Bowie meinte var favorittsongen hans på albumet, var inspirert av hendingar frå Tsjernobylulukka og ideen om at nokon frå sitt eige nabolag kunne vere ansvarleg for enden på verda. Under produksjonen av albumet hadde songen tittelen «How We War», men dette vart endra før albumet kom ut. Bowie sa at vokalen på denne songen «skulda mykje til Neil Young», og sa at dei ulike stemmene han brukte på albumet var eit nikk til musikarane som hadde inspirert han tidlegare.
Tittelsporet, «Never Let Me Down», handlar om den mangeårige personlege assistenten til Bowie, Coco Schwab. Bowie skreiv songen som ein direkte referanse til forholdet hans med Coco som ei motvekt til resten av songane på albumet, som han meinte var stort sett allegoriske. Bowie sa at vokalen hans på denne songen var inspirert av John Lennon. Ein kritikar kalla dette ein av «dei mest undervurderte songane» til Bowie.
Bowie kalla songen «Beat of Your Drum» ein Lolita-song, «tankar om unge jenter... 'Christ, she’s only 14 years old, but jail’s worth it!'» Bowie-biografen Nicholas Pegg, som kalla songen eit av dei betre spora på albumet, og meinte at «Beat of Your Drum» kunne ha blitt kalla ein «direkte forfar», både lyrisk og musikalsk, til Tin Machine-songen «You Belong in Rock n' Roll» i 1991.
Songen «Zeroes», som Rolling Stone kalla den mest oppmuntrande og suksessrike songen på albumet, er i følgje Bowie, ei nostalgisk reise: «Eg ønskte å bruke alle 60-talsklisjear eg kunne komme på! 'Stopping and preaching and letting love in,' alle dei greiene. Eg håpar det er ein humoristisk undertone der òg. Men mellom linjene seier han at det som pregar rocken ikkje er det det utgjer seg for å vere.»
Side to Songen «Glass Spider» er ei slags mytologisk soge basert på ein dokumentar Bowie hadde sett om svart enkje-edderkoppar, som sa at edderkoppar legg skjeletta av bytta sine ut i vevet sitt. Bowie meinte òg at spindelvevet til Glass Spider, glasedderkoppen, kunne passe godt som scenedesign for turneen, og gav slik òg opphav til namnet på turneen..